Det er truleg enklare å ramse opp dei laga og organisasjonane Eldbjørg Tvergrov (73) ikkje har vore aktiv i, enn å ramse opp alle ho har vore innom i løpet av karrieren.

– Eg seier sjeldan nei. Eg har sagt frå meg nokre verv for å kunne prioritere andre, men eg er nok eit ja-menneske, seier ho.

Ungdomsarbeid

No vert ho sett pris på av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Ting går ikkje rundt utan eldsjelene. Alt ville ha stoppa opp utan dei som brukar tid og år på frivillig arbeid og dugnad, seier kontorleiar Bernt Østgaard. Måndag var han på Sæbø for å overrekke banken sin ærespris 2015 til Eldbjørg Tvergrov. Prisen er ein årleg tradisjon og vert gitt til personar, lag eller organisasjonar som i løpet av siste år eller over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjønning for kulturelt eller humanitært grunnlag.

Prisen er på 25.000 kroner og ein statuett.

– Årets prisvinnar har dei siste 30 åra vore ein sentral person for idretts- og kulturarbeidet i Ørsta kommune, og då særskild i Hjørundfjorden. Ho brenn for ungdomsarbeid og ikkje minst for tilrettelegging av ungdomsaktivitet, skriv banken i si grunngjeving.

Overvelda

Prisvinnaren er svært glad for å verte sett pris på.

– Eg er overvelda. Arbeidet har gitt meg mykje. Eg er inga stor idrettsdame, men eg har vore aktiv på sidelinja.

Engasjementet vart vekt til liv då dei fire borna vaks opp. Der ungane var, var også Eldbjørg Tvergrov. Ho har vore leiar for Sæbø idrettslag i nesten 20 år, heilt inntil for eit par år sidan.

– Eg gjorde fleire forsøk på å slutte, humrar ho.

Ho er også med i idrettsrådet, er vararepresentant for SP, er med i styret i Ørsta Idrettspark, har vore kyrkjetenar og kyrkjelydssekretær, har lagt ned ein stor innsats for Åmdal Alpin, har hatt verv i bondelaget og i bygdekvinnelaget, i Foreningen Norden, er leiar for Hjørundfjorddagane og mykje meir. Lista er lang.

– Eg kunne ikkje ha halde på slik eg har gjort hadde det ikkje vore ungane og Ola, mannen min. Dei har støtta meg og har teke ulike tak heime medan eg har vore på farta.

Fritalande

Det er særleg arbeidet med ungdom og idrett banken framhevar i si grunngjeving. Dei kallar henne ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke i Hjørundfjorden.

– Ei engasjert og fritalande dame med klare og tydelege meiningar – til beste for idretten, seier dei.

Det er ikkje få dugnadstider Eldbjørg Tvergrov har bidrege med til frivillig arbeid i bygda.

– Og om ho ikkje sjølv har stått med spaden, så har ho organisert og kommandert med si klare røyst. Ho har bidrege og engasjert seg i det meste i Hjørundfjorden og no i det siste så har ho delegert dette arbeidet meir og meir til yngre krefter. Kjenner vi henne rett så har ho framleis sine meiningar om det meste, sjølv om ho i dag ikkje sit i front og held i rattet, seier banken.

Dei meiner Eldbjørg Tvergrov er ei eldsjel i ordet si rette forstand.

– Ho brenn for å få ungdomen i aktivitet sommar og vinter. Ho brenn for å gjere Ørsta og spesielt Hjørundfjorden til ein attraktiv stad å bu. Ho bidreg til eit viktig ungdomsarbeid og ho bidreg til ein stor samfunnsnytting innsats, helsar dei.