– Når dei sjølv ringer og spør om å få halde konsert så kan vi ikkje seie nei, seier hotelldirektør Mariann Øye-Mork.

– Ein liten vri

28. juli kjem det kjende bandet til Øye. Førre gang dei heldt konsert i Ørsta kommune var under Dei nynorske festspela i 2013. På Øye skal dei igjen halde utekonsert, og det vert i tilknyting til hotellhagen.

– Det er viktig å skape aktivitet, men det er mykje aktivitet å drive hotel. No gjer vi ein liten vri på ting og vi er ikkje redde for å prøve noko nytt. Konserten vert midt i høgsesongen vår med fullt hotel. Vi måtte berre takke ja til eit slikt tilbod, og vi vonar å trekkje til oss fleire folk enn berre hotellgjester til arrangementet. Dette er noko som vi gler oss til, seier Øye-Mork.

Det historiske hotellet har aldri hatt eit likande arrangement tidlegare.

– Det næraste vi hatt til dette var eit arrangement i samband med Matfestivalen for 10–12 år sidan der vi hadde 300 gjestar på middag i hagen, men det var ein heilt anna type event. Eg har byrja å forske litt på kva det inneber å arrangere noko slikt, og det ser berre spennande ut.

– Heilaftan på Øye

No har hotellet stengt bookinga til 28. juli.

– Alle gjestene som bur på hotellet må kjøpe billett. Det vert to bordsettingar til middagen, ein før og ein etter konserten. Dei som ynskjer kan kjøpe seg ein finare middag i spisesalen, og så vert det og enklare servering i hagen eller underetasjen. Folk skal ha sjansen til å ta ein heilaftan på Øye, og her skal vere noko for kvar ein smak. Vi må bu oss på å servere mat til alle som kjem.

For at arrangementet skal gå rundt må det vere eit publikum på minst 400 som legg turen til Øye.

– Vi har stor plass, og om det skulle kome meir folk så skal vi ikkje klage.

– Om arrangementet vert ein suksess er dette noko som de vil prøve å få til fleire gonger?

– Det er ein overhengande fare for det. Eg er veldig glad i eventar og spesielle ting, og det er stilig å få til noko slikt.