– I helga var vi i studio for å halde fram innspelinga, og no er det bare vokal og litt gitar som gjenstår før EPen er ferdig, seier Preben Dale.

Bandet «Among Colors» består av studentar ved Høgskulen i Volda. I haust slapp dei den første singelen sin, «Indefinite». I samanheng med det, var dei på miniturné, og spelte konsertar både på Rokken og i Trondheim. Under Veka i Volda erstatta dei Katzenjammer, som måtte avlyse konserten sin på kort varsel.

Musikkvideo

I løpet av våren kjem den første EPen ut, og no er dei klare med musikkvideoen til singelen.

– Vi samarbeidde med Atle Remmereit, og laga eit manus om ein kar som har bursdag, men som aldri heilt får det han leitar etter, og det får brutale konsekvensar for gjestane hans, seier bandmedlem Dale.

Manuset sin samanheng med songteksten er frykten for å aldri oppnå det du vil, og frykten for å gå inn i det ukjende, legg han til.

Høgskulesamarbeid

Videoregissør Remmereit er tredjeårsstudent i media, og har med seg eit produksjonsteam  som består av Fredrik Hinsch, Simen Krubbfelt og Tore Åfar.

Skodespelarane i videoen er elevar på drama og teater ved Høgskulen i Volda. Kent Sæterøy spelar rolla som bursdagsbarnet. Gjestane er: Kent Sæterøy, Erle Slagsvold, Markus Odland, Silje Jacobsen, og Håvard Hestetun.

Sjå musikkvidoen øvst i saka.

Among Colors består av:

Preben Dale: Vokal/gitar/effektar

Timmy Ass: Gitar/kor/effektar

Magnus Magnusson: Bass

Marius Jørgenstuen: Piano/synth/kor

Magnus Solheim: Slagverk

Bandet Among Colors består av: Preben Dale, Timmy Ass, Magnus Magnusson, Marius Jørgenstuen og Magnus Solheim.