I helga vart det halde felles kulturmønstring for Ørsta og Volda i Ørsta kulturhus. No er det klart kven som går vidare til fylkesmønstringa frå våre to kommunar.

Desse går vidare frå Volda:

Bendik Hustadnes

Juryen seier: Rytme, flow, publikumsfrieri, humor. God kontakt med publikum. Slår ikkje trommer, men spelar trommer. Bra låt. Bruker heile settet. Fin variasjon. Kult!

Underetasjen med songen ”Vestfjellet breakdown”

(Karsten L Klungsøyr ( 17 år- Banjo), Elias Brosstad ( 17 år –gitar))

Juryen seier: De klarer å gjere sjangeren med overbevisning. Flott at de har eigenkomponert låt. De skaper kontakt med publikum og har også humor med i framføringa.

Sander Bjørkedal

Juryen seier: Fin songteknikk og stødig på gitar. Fin framføring.

Lars Andre K Olsen, 16 år "SJØMANNEN" (Kunst)

Juryen synest at dette er ei spennande tolking av eit kjent motiv og blir nysgjerrige på vala utøvaren har gjort. Både når det gjeld val av fargar og teknikk. Biletet utmerka seg med sin eigenart.

Desse går vidare frå Ørsta:

Kaisa og Jørgen

(Kaisa Velle Ulvestad (16 år-vokal), Jørgen Vartdal Halse (15 år-gitar))

Juryen seier: Nydeleg  og uvanleg stemme. Fint utan notestativ. Veldig bra gitarist.

Tonje og Lene

(Tonje Aakre (16 år- vokal), Lise Nilsen ( 16 år-Vokal)

Juryen seier: Fint uttrykk, reint og tydelege vokalar. Kunne vore meir tostemt, då stemmene kling så godt saman. Flott formidling og bra driv.

Kristianne Farstad Bergseth og Otilie Klokk (programleiarar)

Juryen seier: Begge var trygge på scena, fri frå notat. Blide og utadvende.

Marie Haugen 14 år ,"EUNOIA"

Juryen seier: Utøvaren evnar å skape nysgjerrigheit og undring til mottakaren. Uttrykket er skjørt og vakkert, og det er veldig flott komponert.

Fargevalet forsterkar uttrykket og ramma likeeins.

– Juryen ønskjer alle lukke til på fylkesmønstring i Fosnavåg.