Biblioteksjef Birgitt Barstad Sørheim summerer opp fjoråret. Frå 1. januar 2014 la Ørsta kommune ned dei to filialane ved Sæbø og Vartdal skular.

– Tala våre viser at vi hadde 43.414 utlån i fjor. Det er ein nedgang på 3.000 frå 2013, særleg på barnebøker, fortel Sørheim, som forklarer det med nedlegginga av filialane.

– Skulane fekk behalde bøkene, så dei vert framleis lånt ut, men vi får ikkje registrere det på våre tal.

Krim

Generelt meiner ho at ørstingane er flinke til å bruke folkebiblioteket i sentrum.

– På vaksenbøker har vi ein liten oppgang på 1.000 fleire bøker utlånt. Men vi merkar at bøker er ferskvare. Folk vil ha dei nyaste bøkene, og det vert gjerne ventelister.

Særleg er det krim og underhaldningsromanar som toppar utlånslista i Ørsta.

– Men vi låner også ut seriøs litteratur, det er berre ikkje på topp ti lista. Eg synest folk er flinke, seier biblioteksjefen.

Og sjølv var ho litt overraska over dei gode tala frå i fjor.

– Vi hadde tidenes sommar, og folk er vanlegvis ikkje så flinke til å besøke oss når det er 25 varmegrader ute. Så det var positivt, men nøgde vert vi ikkje før det er kø utanfor.

Barn og unge

Det er ein jamn straum av folk som er innom biblioteket i løpet av ein dag. Måndag kom også åtteåringane Isabell Amdam og Liv Moe Homme innom etter skulen. Dei er faste og ivrige brukarar av folkebiblioteket. I dag låner dei med seg ein film, men dei er også stadig innom for å kike litt i bøkene.

– Eg likar veldig godt Pippi Langstrømpe, fortel Liv, medan favoritten til Isabell er faktabøker.

– Det er viktig å etablere gode lesevaner når barna er små, kommenterer Birgitt Barstad Sørheim.

Biblioteket jobbar målbevisst mot dei unge, og arrangerer lesestunder og inviterer på forfattarbesøk.

– Barnehagar og skular er stort sett veldig flinke til å bruke oss. Elles er barna gjerne prisgitt foreldra sine for å kome hit. Vi gjer det vi kan for å få folk til å bruke oss.

Ørsta folkebibliotek ligg på ein fjerdeplass i fylket når det gjeld utlån, tett bak dei tre største byane.

E-bok

Biblioteket gjer også sitt for å vere oppdatert og moderne. I juni fjor starta dei med e-bok-utlån.

– Då kan du laste ned bøkene på telefon, nettbrett eller PC. Det har ikkje tatt heilt av enno, men vi lånte ut 188 e-bøker i fjor.

Totalt har folkebiblioteka i Møre og Romsdal tilgang på fleire enn 800 titlar i ei felles e-boksamling.

Filmar går også godt, og ligg jamt på eit utlån på rundt 5.300 filmar i Ørsta.

– Og vi er meir enn ein utlånsinstitusjon. Her kjem folk for å møtast, lese aviser og mykje anna, seier Sørheim.

Fylket

Folkebiblioteka er framleis den mest brukte kulturinstitusjonen i fylket. Kvar innbyggjar var i 2014 innom eit folkebibliotek meir enn tre gongar.

Ein statistikk laga av Fylkesbiblioteket fortel at folkebiblioteka hadde 833.000 besøk og 943.000 utlån. Utlånet er om lag 47.000 færre enn i 2013 medan talet på besøk er uendra. Den største nedgangen i prosent er utlån av fagbøker til vaksne og musikk og film. Utlån av musikk har vore nesten fråverande i folkebiblioteka i fleire år.

– Tidene endrar seg. Leksikon var til dømes viktig før, no finn folk det dei treng på nettet, så leksikonsamlinga har vi plassert i kjellaren.

Ivrige brukarar: Isabell Amdam og Liv Moe Homme, begge åtte år, er ivrige brukarar av folkebiblioteket. Måndag var dei innom etter skuletid for å låne med seg ein film heim. – Vi er her ofte fordi vi likar å lese bøker, fortel dei. Isabell er særleg glad i faktabøker, medan Liv er stor fan av Pippi Langstrømpe.