Gunnhild Øyehaug skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela blir arrangert for 24. gong i juni.

– Øyehaug er ein stilsikker forfattar med eit klart blikk for detaljar. Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og den varierte forfattarskapen hennar under Festspela i Ivar Aasen-tunet, heiter det i ei pressemelding.

I tillegg til å vere forfattar, er Øyehaug litteraturkritikar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho vaks opp i Ørsta og bur no i Bergen.

Årets festspel blir arrangert 25. – 28. juni.

– Eg er glad og stolt over å få vere festspeldiktar i 2015 i Ørsta. Ivar Aasen har alltid vore min store helt, så eg kjenner meg ei blanding av sterkt entusiastisk og smått skjelven for dette oppdraget, seier Gunnhild Øyehaug.

Gunnhild Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som femner om dikt, essay, noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta lyrikk frå andre språk. Ho fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen Vente, blinke som blei nominert til Brageprisen og blei seld i svært mange eksemplar. Denne romanen er også utgangspunkt for spelefilmen «Kvinner i for store herreskjorter» som har noregspremiere 6. mars. Gunnhild Øyehaug har sjølv skrive filmmanuset.

– Vi gler oss til å presentere breidda i forfattarskapen, og publikum kan sjå fram til mange spennande møte med Gunnhild Øyehaug i eit variert program over fire dagar i slutten av juni, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe.

Allereie i byrjinga av februar får 8.-klassingane i Ørsta og Volda møte festspeldiktaren, då Gunnhild Øyehaug kjem på forfattarbesøk til alle skulane. Tilbodet er eit samarbeid mellom Dei nynorske festspela og kommunane.