Etter to år utan romjulsdans i Ørsta, er det klart for fest på kulturhuset andre juledag.

– Eg trur mange ørstingar hungrar etter eit tilbod i romjula. Det er tradisjon å gå ut andre juledag, og den tradisjonen ønskjer vi å føre vidare, seier Tom André Holen i Crashville.

Romjulsdansen er eit samarbeidsprosjekt mellom bandet Crashville, Åmdal ungdomslag og Åmdal trekkspelklubb.

– Det blir musikk frå oss i Crashville, og i tillegg skal Børre Lødemel vere trubadur. Alle mellom 18 og 90 år er velkomne, seier Svein Ivar Holen.

Crashville skal både spele gamle og nye låtar, og lovar god stemning på kulturhuset.

Billettar er tilgjengeleg på kulturhuset sine nettsider og på Shell i Ørsta.