Fleire ting på ein gong altså, men dei likar vind i håret, karane i bygderockbandet.

Og dei har ikkje vorte kjepphøge sjølv om dei midt i beste sendetida sist fredag spelte for ein halv million fjernsynssjåarar på Ole Ivars sitt 50-årsjubileum i Vikingskipet, der også Plumbo, The Pussycats og Songs stod på scena.

– Nei, vi held beina på jorda, men det var fole kjekt at så mange såg programmet, kommenterer Sindre Aam i bandet.

Dans

Vassendgutane skal spele i Syvde andre juledag. Det er ein av favorittstadene.

– Syvde var den første staden vi spelte utom Ørsta, det var i 1997. Ikkje hadde dei kaffibarar den gongen, og ikkje har dei det i dag heller. Alt er som før i Syvde og vi føler oss heime der, fortel Sindre, blank i augo.

Sykkylven

Tredje juledag spelar Vassendgutane i Storhallen i Sykkylven. Også det ei slags heimebane for bandet som har halde kring sytti konsertar i 2014. Det synest ein flokk middelaldrande musikarar er passeleg. Og dei får nok å styre med også i 2015. Alle bandmedlemmene har gitt beskjed om at dei satsar i alle fall eit år til.

– Det ser ut som at folk likar oss framleis. Vi er stort sett fullbooka frå mai til september. Vi skal også spele på ein del festivalar, og vi er glade for at vi skal spele under Tall Ships Race i Ålesund, seier Sindre.

Plate

Når bandet er heime, handlar dagane meir og meir om ny plate. Til våren er det to år sidan dei kom med låtar om sauer, whisky og hjortevestar på plata «Hesteslepp» som selde 35.000 eksemplar. No er det på tide med noko nytt.

– Utfordringa vert å ikkje gjenta seg, men vi skal vel klare å sy saman noko denne gongen også, reflekterer Sindre Aam.

Dei legg press på seg sjølve, for det er planlagt sleppfest i Ørsta 15. mai. Og då er det ein fordel at dei har noko dei kan sleppe.

– Vi har laga ei spesiell settliste for denne dagen, og der står hitane i kø. Sjølv om vi elskar Syvde så er sjølvsagt Ørsta den aller beste staden å spele i, fortel bassisten i festcountrybandet «fram på dala».