Og radarparet likte å spele teater i Ørsta.

– Eg er strålande nøgd over publikum i kveld. Ja, dette var kjempemoro, sa Nordin til Møre-Nytt etter framsyninga medan han vart avbilda av fansen.

Var med

Ein fullsett kinosal var med frå første stund, latteren sat laust og folk slo seg på knea over alt det morosame den to timar og tjue minutt lange framsyninga «Litt av et par» (inkludert pause)baud på, ei framsyning utan daudpunkt.

Handlinga: Felix (Nils Vogt) som har støv på hjernen, er kasta ut av kona og flyttar inn hos kompisen Oscar (Sven Nordin), som er Felix sin store motsetnad, og som ikkje bryr seg om det dett potetgull på golvet og at rot og skit pregar leilegheita.

Tempoet er høgt i første akt, men vert endå høgare då to spanske halvsystrer kjem på bana og vert invitert på middag til dei to skilde mennene, der den eine (Oscar) er damesjuk så det held.

Når ein sit og studerer Sven Nordin og Nils Vogt frå salen, får ein ei attkjennande godkjensle av komiserien «Mot i brøstet» og ein tøtsj av Kjell Bjarne i Nordin, medan vi kjenner att Vogt som den særs temperamentsfulle mannen med gummiandletet. Men denne produksjonen ligg høgt over populære fjernsynskomediar frå nokre år tilbake. Nordin og Vogt har eit gnistrande samspel som innimellom er så bra at det nærmar seg magisk.

Vi må ikkje gløyme at også dei andre skodespelarane, Jonas Georg Digerud, Camilla Frey, Stein Grønli, Ingolf Karinen og Veronica Salinas leverer varene og vel så det.

Då det var slutt hadde vi fått oppleve Riksteatret og nokre av landets mest meritterte og fremste komikarar briljere med humor, snert og ekstrem timing. Det er slik gode komediar skal vere.

Sven Nordin likar å reise på turne saman med kompisen Nils Vogt, og han likar å spele teater på mindre stader.

– Eg trur dette stykket er noko folk kjenner seg att i, og det er moro at publikum er med på historia gjennom heile framsyninga, seier ein særs venleg Sven Nordin.