Det seier den kjende, svenske forfattaren Katarina von Bredow til Møre-Nytt.

Tysdag og onsdag var ho på besøk ved Vikemarka og Velle skular i Ørsta. Torsdag står Volda ungdomsskule for tur.

– Eg reiser rundt i regi av foreningen Norden. Målet med opplegget er at elevane skal få trene seg i å høyre og forstå svensk, i tillegg til at dei skal auke leselysta.

– Korleis står det til med svensk-forståinga deira då?

– Eg er imponert over kor godt dei forstår og kor engasjerte dei er. Dei sat heilt stille og høyrte på medan eg las i ein halv time, og etterpå hadde dei mange spørsmål til meg. Eg har litt meir problem med å forstå vestnorsk enn austnorsk, så det er nesten vanskelegare for meg å forstå norsk enn for dei å forstå svensk.

Språkforståinga mellom dei skandinaviske landa er fallande, men nordmenn er best i klassen ifølgje von Bredow.

– Svenskar forstår norsk dårleg og slit veldig med dansk. Dei norske elevane eg har hatt kontakt med, er gode til å forstå svensk. Så nordmenn er nok betre på dette enn nabofolka, seier ungdomsbokforfattaren.