– Det er trist at det har vorte uvanleg å gå på teater.

Maria Masvie og Anne Marta Hoslemo Myklebust er dramastudentar og er premiereklare skodespelarar med framsyninga «Sjakk Matt», eit stykke basert på Eugène Ionscos sitt stykke frå 1962: «Kongen dør».

Søndag, måndag og tysdag står dei og medstudentane frå bachelorstudiet på scena i teatersalen på Høgskulen i Volda. Dei håper mange vil kome for å sjå eksamensframsyninga.

– Teater er ei unik oppleving. Det er ulikt frå kvar gong. Det er ikkje det same som å gå på kino og sjå ein film, seier Maria Masvie.

Må døy

Teaterstykket dei presenterer handlar om eit kongerike i sterkt forfall. Palasset slår sprekker, radiatorane fungerer ikkje, soldatane vil ikkje slåst, ministrane dett i vatnet og riket krympar og fell frå kvarandre. Dei fortel om alle bragdene til kongen. Han har funne opp krutet, har skrive store tragediar, grunnlagt byar og har funne opp trillebåra. Likevel må han døy. Han er fortvila. Publikum får følgje kongen gjennom ulike stadium, frå fornekting til ellevill entusiasme, frå å flykte inn i ei fantasiverd til «eg-skal-leve-evig»-tanken.

– Det allmennmenneskelege i dette dramaet er mennesket si redsle for å døy. Vi finn rørande og poetiske passasjar, men også forbannande og bøneliknande replikkar, seier førstelektor Sigrun Meisingset.

Absurd

«Kongen dør» vart i si tid karakterisert som poetisk absurdisme.

– Vi har hatt eit ønske om å ikkje berre iscenesette absurde tekstar, men lage absurd teater. Difor utforskar vi ulike spelemåtar, vi overdriver, og roller vert fordobla. Vi hentar inspirasjon frå farsen og burlesken utan å misse alvoret, seier Meisingset.

I teaterstykket representerer kongen alle menneska, og er samstundes den vesle mannen som kjenner angst og redsle.

– Det er difor eit skodespel som både grip oss, er djupt alvorleg, men også poetisk, grotesk og teatralsk, og ikkje minst absurdistisk.

Tabu

For døden er gjerne eit tabubelagt tema, meiner Maria Masvie og Anne Marta Hoslemo Myklebust.

– Det er eit veldig absurd teater, men med eit veldig aktuelt tema. Døden er noko vi ikkje snakkar så høgt om. Det er ei djup meining i det heile, med rom for tolking, seier dei.

Til saman er dei ti skodespelarar på scena, fordelt på seks karakterar.

– Vi håper sjølvsagt at mange vil kome for å sjå. Fleire må gå på teater. Eg tenkjer at det kan vere kjekt å sjå noko anna og noko nytt. Dette er kanskje heilt ukjent for mange og i ein heilt annan stil. Det burde vere grunn nok til å kome og få ei heilt ny oppleving, seier Masvie.

– Vi ønskjer at folk skal kose seg, og kanskje danne seg nokre tankar i etterkant, seier Meisingset.