– Difor startar vi no ei kronerulling, der det primære målet er å få pengar til innkjøp av måling, og der vi prioriterer fløyene fyrst. Dei står på skade, fortel leiar Stina Aasen Lødemel i Mellestiftinga Svendsengarden.

Og at det er behov for måling, er det ikkje tvil om. Somme stader er bygningane no heilt utan måling. Det gjeld spesielt fløybygga, og områda mot E39.

– Det er leitt å tenkje på at det er denne delen av Svendsengarden folk fyrst får auge på når dei kjem til Ørsta. Vi likar ikkje at Sunnmøre sine eldste bygningar i sveitsarstil skal stå fram på denne måten, seier Anne-Mari Øyehaug i Ørsta sogelag.

Ørsta sogelag

Ørsta sogelag er stiftarar i Mellestiftinga Svendsengarden, og har to medlemmer i styret.

– Vi har drøfta stoda for Svendsengarden i styret i sogelaget. Vi ynskte å stille opp, og inviterte oss sjølve til eit fellesmøte med styret is stiftinga i august. Då vart vi samde om å få til ei kronerulling for å samle inn pengar, fortel Øyehaug.

Stina Aasen Lødemel er takksam for initiativet.

– Juridisk er det mellestiftinga Svendsegarden som eig Svendsengarden, og som har ansvaret for vedlikehaldet. Gjennom fleire år har det vorte gjort eit stort og omfattande arbeid for å rehabilitere Svendsengarden. Det har skjedd gjennom ymse tilskot og eit stort dugnadsarbeid. No er der ikkje mykje midlar att, og vi er på etterskot med vedlikehaldet, erkjenner Aasen Lødemel.

Kronerulling

Kronerullinga vert organisert av styret for stiftinga, og folk vert utfordra gjennom Møre-Nytt.

– Det er ikkje lenger slik at bankane er med og organiserer kronerullingar. Difor kan dei som verte utfordra, og som utfordrar på nytt, gjere det på e-post til meg, fortel Aasen Lødemel.

Mellestiftinga Svendsengarden håper å kome i gang med arbeidet til våren, og eit viktig mål har stiftinga. Det er at tusenårsstaden Svendsengarden i 2017 skal stå fram som eit godt vedlikehald tun. Då er det 150 år sidan tunet vart bygt.