Då kulturminnedagane opna i Bakketunet på Bjørke søndag kom innehavar Marita Bett Aakre køyrande inn på tunet i den gamle traktoren frå 1958. Bak kom kultur- og næringssjef Liv Bente Viddal køyrande i den nyaste traktoren bygda. Viddal stod for den formelle opninga av kulturminnedagen.

For Marita Bett Aakre var starten på kulturminnedagen søndag noko ho har arbeidd med og sett fram til lenge.

- Eg ynskjer å få fram at Bakketunet er ein gard, og har vore det gjennom generasjonar. Eg ynskjer å få fram at gardsdrift i tidlegare tider var eit slit, og at det har kosta. Eg ynskjer å vise at vi i dag skal vere takknemlege for den innsatsen som vart lagt ned, seier Marita Bett Aakre.

Gardbrukaren

Sidan i vår har ho planlagt markeringa av kulturminnedagen. På Bakketunet skjer det over fleire dagar, og søndag var den fyrste dagen med arrangement knytt opp mot kulturminnedagen. Temaet var ”Gardbrukaren”.

Einar Saure fortalde om dyrking av korn, Valbjørg Hustadnes demonstrerte kinning og Cecilie Rørstad leidde an i potetåkeren. Maria Nikkinen Rørstad demonstrerte gardshesten, og Ivar Mork og Marius Skjerdal snakka (og song) om geitehald før og no. Per Atle Røe snakka om konservering av mat.

Temaet for kulturminnedagane i år er "Ei reise i tid- 200 års samfunnsutvikling". Over heile landet skal tida frå grunnlovsunderskrivinga og til i dag verte markert.

Kulturvernforbundet

Det er formelt Kulturvernforbundet som står bak kulturminnedagane i Noreg.

- Men vi gjer mest ikkje anna enn å ha namnet bak, for det flotte med kulturminnedagane er at dei vert arrangerte lokalt – over heile landet. Faktisk er det ei europeisk hending, og kulturminnedagane vert med det ei av dei største kulturhendingane vi har, sa Heidi Thöni Sletten frå kulturvernforbundet.

Ho kom til Bakketunet for å vere med på arrangementet ”Gardbrukaren”, og for å gratulere Marita Bett Aakre med eit av dei mest heilskaplege arrangementa. Dessutan hadde ho med seg ei overrasking, for Bakketunet fekk ei utmerking for å ha nytta det beste biletet i samband med marknadsføringa av kulturminnedagane.