Det melder Høgskulen i ei pressmelding.

Prosjektgruppa leia ei eiga arbeidsgruppe under den Nordiske medieforskarkonferansen i 2013, og skal i 2014 arrangere ein stor internasjonal forskarkonferanse («Media and the Cold War») i Volda med deltakarar frå ei lang rekke land – på tvers av det tidlegare jernteppet.

Avdeling for mediefag har også tidlegare arrangert ein liknande forskarkonferanse i Volda (2008) – då om media og protestar.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at prosjekta har gjeve tilbod om deltaking på ulike faglege nivå med felles målsetting om kompetanseheving:

Prosjekta har vore tverrfaglege med ei internasjonal og konferanseorientert tilnærming, og har vore med på å byggje opp og delta i både eit nasjonalt og eit internasjonalt forskarnettverk.

– Det internasjonale forskingssamarbeidet ved Avdeling for mediefag har ført fram til omfattande vitskapleg publisering, både nasjonalt og internasjonalt. Erling Sivertsen og Rolf Werenskjold var i 2014 medredaktørar av antologien «Media and Revolt», og kaldkrigs-prosjektet har fleire antologiar på engelsk under produksjon, heiter det i pressemeldinga.