– Eg spelte den igjen i dag tidleg.

– Kva då?

– «Si eiga rås» av Side Brok. På full guffe!

Ho har alltid gått sine eigne vegar, femtiåringen Kristine Elise Halkjelsvik frå Volda. Og ho prøver å inspirere andre til å gjere det same. Ho har eit stort hjarte og engasjement for gammalt kvinnehandarbeid – og å redesigne slikt. I Fredrikstad, der ho bur saman med ektefelle og to born (tredjemann er i militæret), utgjer ho ein fargeklatt på mange måtar, og er ein som skil seg ut i mengda. Det likar dama som kjem frå Moritsgarden i Volda.

– Kva folk måtte meine om meg bryr eg med ingen ting om. Berre så det er sagt!

Kreativitet

Sprudlande som få, full av idear og kreativitet. Mest heile livet har Kristin gått sine eigne vegar når det gjeld kle. Medan jamaldringar kom på skulen med kle kjøpt i den lokale butikken, hadde Kristine Elise heimesnikra plagg, som ei slags Pippi Langstrømpe, med fargar og former som skilde seg ut. Og ho kledde dukka si med det same. Som purung taus fekk ho pengar med bestemora slik at ho kunne gå til Møre Konfeksjon og ordne kle for dukka. Og då ho var russ, hadde ho sjølvsagt ein heimelaga russedress. På baken stod det «bakrus(s)».

Kristin Elise Halkjelsvik er utdanna spesialpedagog, og har mange år arbeidd med personar som har ekstra utfordringar i kvardagen. Men heile tida har ho i større eller mindre grad vore kjolemakar der ho tek tak i brukte tekstilar, gammalt handarbeid frå kvinner, og second handkle som ho gjer om til nye og heilskaplege plagg. Makelaust kallar ho konseptet sitt. Makelaust er hennar penn til å formidle alt ho brenn for. Interessa har ho frå røtene som er djupt forankra på Sunnmøre.

Kleda presenterer ho i stor grad på motevisningar, eller motivasjonsvisningar som ho kallar det. Ho er populær, og får ofte oppdrag, også innan styling, denne tekstilidealistiske dama som ikkje er rik på pengar, men rik på kvardagar. Det som gjer henne glad er at folk bryr seg. Møte med så mange rause personar.

Predikant

Ho har ein bodskap:

– Eg ønskjer å vere ein predikant for å fremje interesse for historie,akikitektur og kvinnehistorie. Eg vil løfte gammalt kvinnehandarbeid opp og ut av skuffen. Antrekk fortel ei historie, eg vil at folk skal ta vare på plagga og kjenne og forstå historia bak dei. Ved å vite noko om tida som var, fører vi noko godt over til borna, insisterer dama.

– Men alle er vel ikkje så kreative som du?

– Mange seier at dei ikkje kan å sy. Men eg meiner at absolutt alle kan redesigne. Og det er slik at ein kan få til store endringar berre med små, enkle grep. Det handlar om t.d. å setje på nye knappar, pynte litt, brodere, forklarar pådrivaren som meiner det kan vere lurt å starte med kle ein ikkje er så redd for.

– Ein må berre kaste seg ut i det, og tole og tore gjenbruk. Under krigen gjorde ein jo dette, då brukte dei opp att kleda, og sydde t.d. ein genser om til ei trøye.

Halkjelsvik har alltid vore interessert i mote. Og det er ikkje slik at ho aldri kjøper kle og sko.

– Eg går etter høg kvalitet slik at det varer. Eg elskar kule støvlettar og dyre vesker, humrar dama. Ein må kunne unne seg litt luksus av og til, synest Kristin Elise Halkjelsvik, dama som ikkje er lett å setje i bås – og som går si eiga rås.