Det fortel rektor Brynhild Barstad etter at Ørsta kulturskule no er i gang med eit nytt skuleår.

Medan det tidlegare har vore dels lange ventelister for nokre av instrumenta på kulturskulen, er ikkje situasjonen no slik. Per i dag er det ledige plassar på piano, gitar, fløyte, klarinett, fiolin og massing.

– Det er berre å ta kontakt dersom nokre er interesserte i opplæring på eit av desse instrumenta. Vi opererer etter først til mølla-prinsippet, fortel rektoren.

Korgruppe

Kulturskulen skal også starte korgruppe, og alle som likar å synge er velkomne.

219 elevar er per i dag tilknytt kulturskulen. På det meste har 290 personar vore tilknytt skulen, inkludert babyane på babysong. Kulturskulen har både individuell undervisning og undervisning i grupper, der eit stort mangfald av sjangrar og instrument ligg i botnen på tilboda.

Det er ein generell trend i fylket at kulturskulane har noko lågare oppslutnad enn før.

– For Ørsta sin del er det nok fleire årsaker. Etter at nivået på kontingenten gjekk kraftig opp, fekk vi eit ganske stort fråfall. I fjor løyvde politikarane pengar slik at kontingenten kunne reduserast ein del. Men framleis vert han kanskje opplevd som høg for nokre, vurderer rektor Barstad. Ho konstaterer at det tek tid å byggje opp att ein større elevmasse.

I tillegg ser ho ein tendens:

– Ein del unge ser ut til ikkje å ville bitte seg som før, i vårt tilfelle for eit heilt år på kulturskulen.

Satsinga på den klassiske opplæringa vil alltid vere viktig for kulturskulen, og utgjere ein solid grunnbasis for tilbodet.

– Samtidig er det viktig å halde oss til ungdomskulturen.   Og satsinga på rockekonsertar er ein lekk i dette, og denne satsinga er populær. Vi har 2–3 rockekonsertar i året.

Budsjett

Neste års kommunebudsjett kjem snart. Barstad har ei bøn:

– Den store draumen min no er å få arbeidsro slik at vi får byggje opp dei gode tilboda til å verte endå betre. Dette krev føreseielege forhold, og ein må unngå ein ny diskusjon om årskontingenten, seier Brynhild Barstad.