Side Brok har gitt ut singelen "Omatt og omatt" frå komande EP. Du kan lytte til singelen her.

Ifølgje Runar Gudnason utforskar Side Brok rapmusikken frå 80-talet på den komande EP-en.

- Den komande EP-en er ei utforsking og hyllest av den aller fyrste rappmusikken som kom på vinyl rundt 1980. På den tida rappa ein over funk- og discolåtar, enten med ein DJ som spelte slik musikk eller med band som laga originalmateriale. Låtane var lange, og tradisjonelle refreng var det svært lite av, men ein hadde gjerne nokre rutinar eller fraser ein gjentok.

- Sjølv om det er ein gammaldags stil, er det eigentleg ganske tidlaust; ei god bassline, ei rytme og masse perkusjon – og så ein eller fleire rapparar som rappar enkelt og kjekt, og får folk til å danse og ha det bra. Det er peace, love, unity and having fun!

På den nye singelen debuterer Skatebård som MC.

- Det var Skatebård og eg som starta Side Brok for om lag femten år sidan. I starten var det meininga at han skulle rappe òg, men det vart ikkje slik, og han fokuserte på beats i staden. Men på denne låten debuterer han endeleg som MC, og det fungerer glimrande. Han har no etter kvart ti års erfaring med å rappe backup på konsertar – dessutan har han vore åttitals sidan åttitalet.

Det er i alt fire MC-ar på "Omatt og omatt": Thorstein Hyl III, Skatebård, Sjef R og Sirkel Sag.

- Musikken til akkurat denne låten er litt programmert, men mest spelt, og alt er laga av Pål Olav Loftesnes, som er fast medlem av Side Broks liveband og har produsert nokre låtar på dei to siste platene våre.