Ho har i vår hausta mange lovord når ho har vore deltakar i «Norske talenter» på TV2. Konserten byd elles på mange musikalske godbitar.

Solist: Stella Birthe Poland på harpe er ein av fleire solistar.

Sunnmøre ungdomssymfoniorkester har lange tradisjonar med å arrangere vårkonsertar. Konserten er resultat av øvingar som orkesteret har hatt fredagskveldar i vinter- og vårhalvåret. Orkesteret blir drive i nært samarbeid mellom kulturskulane i Volda og Ørsta og med medlemer frå alle kommunane på Søre Sunnmøre. I kulturskulane har det blitt etablert eit aktivt miljø for strykarar og blåsarar og det er sett i gang undervisning og ensemble på ulike nivå og for ulike aldersgrupper, – symfoniorkesteret er for dei som går i 7. klasse og oppover. For dei som bur i Volda og Ørsta er opplæring på strykeinstrument i kulturskulen eit unikt høve til å bli med eit kjekt og inspirerande miljø og få delta i og oppleve klangen i eit fullt symfoniorkester.

Vårkonserten har mykje å by på: Det blir i år eit samarbeid med kulturskulen sitt eige vesle spelemannslag, Halkjelsvika spelemannslag og Jon Tvinnereim. Orkesteret og spelemannslaget skal framføre «Kinsarvikvalsen» komponert av Jon Tvinnereim og arrangert for orkester av Helge Hamsaas. Denne komposisjonen vart laga til Kinsarvikjubileet og er ei hylling til kunstnaren Lars Kinsarvik. Han var ein norsk rosemålar, treskjerar, spelemann og opplysingsmann. Han har m.a. bidratt med utsmykking av 13 kyrkjer i området mellom Nordfjord og Trøndelag. Ei av desse kyrkjene er Vartdal kyrkje, der han har laga altertavla. Kinsarvik var aktiv i Norge i ei tid med optimisme og framgang, og stemninga i valsen som blir framført på konserten, speglar denne begeistringar og gleda.

Solist: Åsmund Arnesen Farstad skal framføre «Czardas». Her saman med dirigent Sverre Sørdal.

Orkesteret sine eigne unge solistar skal og fram på scena med strålande framføringar. Åsmund Arnesen Farstad skal på virtuost vis, framføre «Czardas» av V. Monti. Sigurd Elias Halse bidrar på piano med ein Vals av Brahms, og Stella Birthe Poland skal framføre m.a. «River flows in you». Ein ny konstellasjon av strykarar «Spiritoso» skal m.a. framføre musikk av W.A. Mozart.

Under leiing av Marianne Hafsaas får vi òg oppleve ein heilt spesiell klang, når ho har sett saman eit eige stort orkester berre med fløyter. Tverrfløyte finnast i ulike storleikar, og orkesteret har med både altfløyte og bassfløyte i tillegg til den ordinære tverrfløyta. Fløytistane framfører kjende komposisjonar arrangert spesielt for dette høvet av Marianne Hafsaas.

Propellhallen er ein framifrå arena for orkesteret og dei ulike gruppene. Her ein stor, flott og unik klang som det er verd å oppleve. Ta turen til Propellhallen på laurdag og få med deg orkestermusikk frå regionen sitt største symfoniorkester, – under kyndig og inspirerande leiing av dirigent Sverre Sørdal!