– I tillegg til at dei er fine så syng dei flott i tillegg. Det er i alle fall to positive ting med denne gjengen. Vi kan ikkje overdrive heller fordi dei blir så fort høge på seg sjølv, sa Fremmerlid med eit glimt i auget til ei lattermild forsamling i Volda kyrkje.

Mannskoret Sunnmøre Foto: Joachim Åsebø

Før jul tok den no pensjonerte operasongaren kontakt med fleire bekjente med tanke på å realisere draumen om å få leie og dirigere eit mannskor. Mange heiv seg med og til slutt hadde sytti songarar sagt ja til å ta del i Mannskoret Sunnmøre. Namnet på koret er henta frå songen «Sunnmøre». Øvinga vart gjennomført fredag kveld og første konsert i Ålesund, og dei avslutta helgeturneen med konsertar på høgmessa i Hareid og i Volda kyrkje søndag kveld.

Magne Fremmerlid fekk realisert draumen om å leie eit eige mannskor i helga. Foto: Joachim Åsebø

– Vi vil by på desse fantastiske songane med røter her på Sunnmøre, i tillegg til nokre heilt nye songar.

Fremmerlid hadde eit ønske om å presentere songar av Johan H. Grimstad. Konserten veksla mellom solonummer og koret samla, men det var ingen tvil om att koret traff sitt publikum.

– Det er utruleg kjekt å få lov til å vere her i denne vakre kyrkja, og det er ein stad eg har mange gode minner frå då eg song i SKRUK og Sunnmøre Kristelege mannskor. Prots har hatt mange kor som er sine, og endeleg har eg fått mitt, sa Fremmelid og undrestreka at den Volda-baserte dirigenten har vore ein stor inspirasjon ilag med Johan H. Grimstad.

Magne Fremmerlid var i godt humør søndag og fekk fram latteren både i sitt eige kor og i publikum. Foto: Joachim Åsebø

Mannskoret Sunnmøre er handsplukka og ei samling av mange av dei dyktigaste korsongarane på Sunnmøre. Gjennom konserten søndag fekk publikum høyre soloar frå mellom andre Bjørn Holum, Andre Sjåvåg, Arild Grimstad og Fremmerlid sjølv. På piano spelte Odd Johan Overøye.

Bjørn Holum var ein av fleire solistar. Foto: Joachim Åsebø

Mannskoret har ikkje mindre enn ti prestar, 21 2. bassar og 17 tenorar. Alderspennet i koret er også stort frå den yngste på 22 år til den eldste på 87 år.

– Det er eit fantastisk at her er medlemmar frå 20-årsalderen til dei som nærmar seg nitti, og at vi kan samlast rundt ein så fin aktivitet som korsong.

Fremmerlid sjølv var ein av fleire solistar i Volda kyrkje. Foto: Joachim Åsebø