Stjernelag til kammermusikkfestival

Sunnmøre kammermusikkfestival lovar eit program med stor variasjon og ei imponerande artistliste. Torsdag lanserte dei programmet.

Gler seg: Styreleiar Gunnar Stave, Wolfgang Plagge og Annar Follesø gler til Sunnmøre kammermusikkfestival i september. 

Kultur

– Vi håpar musikken skal binde bygdene og byane i regionen saman på nye måtar, gi ei vitamininnsprøyting til kulturlivet og ikkje minst gi folk gleda av å oppleve klassisk musikk på høgt nivå, seier Annar Follesø, som saman med Wolfgang Plagge er festivalen si musikalske leiing.

Ei fullsett kantine ved Høgskulen i Volda vart torsdag overraska då Follesø og Plagge framførte musikk skrive av Beethoven. I tillegg til minikonserten vart programmet for årets festival lansert. Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (cello), Ingrid Andsnes (klaver), James Gilchrist (tenor) og Raquel Castro Pego (fiolin) tek alle turen til Sunnmøre frå 2. til og med 8. september, i tillegg kjem Jonathan Aasgaard (cello) og Yuval Gotlibovich (bratsj), Håkon Daniel Nystedt (dirigent).

Spelte: Wolfgang Plagge og Annan Follesø er kunstnarlege ansvarlege for Sunnmøre kammermusikkfestival. Torsdag framførte dei Beethoven i kanten på Berthe Kanutte-huset i Volda. 

Temaet for festivalen i år er evolusjon. Ifølgje dei kunstneriske ansvarlege kan publikum gle seg til å høyre verk som mellom anna: Dohnányi sin Klaverkvartett i fiss-moll, Schubert sin Strykekvintett og «Auf den Strom», sangsyklusar av Schumann og Mahler, Tavener sin «Syvat» , og utdrag frå Rakhmaninov sin Vespers, op. 3.

Som under tidlegare festivalar vert det lagt vekt på å gje noko tilbake til unge musikarane i regionen. Gjennom meisterklasser kan kulturskuleelevar frå regionen kan få undervisning med festivalmusikarane.

– Det vert også komposisjonskurs med Wolfgang Plagge, ein fantastisk Draumekonsert og draumestipendkonkurranse, der festivalen lyftar fram unge talent i regionen, heiter det i ei pressemelding.

– Eg er svært nøgd med årets artistar. Programmet er også svært bra og eg gler meg veldig til årets festival, seier styreleiar Gunnar Stave.