Høgres generalsekretær er Årets nynorskbrukar

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018. Han får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 47 kandidatar.
Kultur

– Dette er overveldande! Berre det å vere tenkt på i denne samanhengen er stor stas, seier John-Ragnar Aarset i ei pressemelding.

– Eg tok mine aktive val for nynorsk først som gymnasiast heime i Hallingdal, og vidare då eg blei leiar i Unge Høgre for 20 år sidan. For meg har det gamle slagordet om «Dialekt + nynorsk = sant» sidan vore heilt sant heile tida. Eg prøver etter fattig evne å motivere andre til den same erkjenninga og opplevinga, og denne prisen motiverer meg sterkt til å halde fram med det. 

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 7. juni. Aarset kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål.

Bryt med språklege konvensjonar

John-Ragnar Aarset (fødd 1973) frå Geilo har vore generalsekretær i Høgre sidan desember 2015. Han brukte bokmål i grunnskule og ungdomsskule på Geilo, men gjekk over til nynorsk på Hallingdal gymnas på Gol. I tidsrommet 2001–2008 hadde han ulike roller i stortingsgruppa til Høgre og fleire departement før han i fire år arbeidde i kommunikasjonsbyrået Gambit Hill+Knowlton.

I tillegg til verv som kommune- og fylkestingspolitikar var Aarset leiar i Unge Høgre 1998–2000 og landsstyremedlem i Norsk Målungdom 1992–1997. Han var styremedlem og varamedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2004–2012 og leiar same staden 2012–2013.

- Det er 19. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk, heiter det i pressemeldinga.

Vurderte 47 kandidatar

Då styret i Nynorsk kultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 47 kandidatar å velje mellom, mot 38 i fjor. Aarset nyttar konsekvent nynorsk i brev, rundskriv og pressemeldingar ut til lokallaga i partiorganisasjonen og til alle slag norske medium. Det er første gongen nynorsk blir nytta i administrasjonen i det partiet som historisk har hatt størst avstand til nynorsk i språkpolitikken.

– Som mangeårig rådgivar for Erna Solberg slo han ikkje ein dag av lampa utan nynorsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Med sitt føredøme har han vore med på å bryte ned uvilje og fordomar mot nynorsk generelt og nynorsk som andrespråk. Aarset er ei viktig røyst i vår samtid og hevdar nynorsken godt som programsak og i levande praksis.