– Eg vart heilt paff. Og mållaus. Vi er svært takksame, helsa leiar i laget, Gudny Fagerhol.

Prisen vert delt ut ein gong i året til ein person eller eit lag i Ørsta/Volda som har utmerka seg på ein positiv måte og med ein innsats utanom det vanlege. Hovdebygda ungdomslag oppretta prisen i 1997 til minne om Linda Ryste som gjekk bort dette året, berre 23 år gamal.

– Linda betydde mykje for oss, og prisen er mynta på mykje av det ho stod for: Omsorg, livsglede, omtanke for andre, smil og evne til å stå på, helsa revygeneral Mads Ryste frå scena.

Linda Ryste var svært aktiv i ungdomslaget.

– Hovdebygda Soge- og velferdslag er ein verdig mottakar av prisen. Dei står på, mellom anna med tilrettelegging av turstiane her i området, så vi slepp å gå med gjørme til knea når vi er ute på tur, sa Ryste vidare.

Prisen er eit diplom og eit måleri laga av Rune Innselset som viser utsikta mot Ytrestøylen frå eit kjært og velbrukt turmål i Hovdebygda.

– Dette var veldig kjekt, seier Gudny Fagerhol.

Ho vil finne ein verdig plass til prisen i lagslokala på sanitetshuset.

–Det er flott å bli sett pris på. Der er ein handfull gjeng som står på og rydder råser og legg til rette for alle dei som kjem hit for å gå turar, og det er ikkje få. Dei gjer ein god og viktig jobb til det beste for alle, rosar ho.