Bergljot «Bella» Sandvik (87) ler hjarteleg. Det går aldri lenge mellom kvar gong ho opnar latterdørene på vidt gap. Då er det heller ikkje så rart at ho har vore fast inventar når Hovderevyen har invitert til latterkalas på ungdomshuset Ervingen. Sidan revyen starta opp, i 1981, har Bella vore sjølvskriven til å stå på scena. Sjølvhøgtidleg har ho aldri vore.

Revy: Aldri ein revy utan Bergljot «Bella» Sandvik. Her frå Hovderevyen i 2012 saman med Kari Flø.

– Det betyr uendeleg mykje for meg. Særleg no når eg har vorte eldre, at eg framleis får vere med, og at eg er ønska. Det er godt å kome seg ut, og det er godt å møte dei andre og oppleve samhaldet, seier ho.

I år har revygeneral Mads Ryste laga eit eige nummer til henne. Ein monolog.

– Eg pugga alt første kvelden, veit du, men så har vi endra på det, så no stokkar alt seg for meg. Så det må bli litt intens øving før premieren, laurdag. Men det går. Eg huskar godt.

Ho bur framleis heime i Rystene. Om beina ikkje spelar særleg på lag lenger, er hovudet heilt på plass. Ho har husk som ein elefant. Årstal og hendingar sit som spikra. Så å øve på revytekstar går lett som ein leik.

Heime: Beina spelar ikkje heilt på lag, men hovudet er heilt på plass, seier Bergljot Sandvik, som framleis bur heime i Rystene, i ein alder av 87 år.

– Men eg kan ikkje vere med på fleire nummer. Knea mine er ikkje gode, så eg har problem med å kome meg på scena. Men dei sa det, gjengen i Hovderevyen, at det ikkje er snakk om at eg skal få gi meg. «Om vi så må bere deg på scena, skal du vere med».

Latterdøra opnar seg igjen. Ho set pris på å bli sett pris på.

Spelestykke

Bella er scenevant som få. Ho var knappe femten år då ho første gongen var med i eit spelestykke på ungdomshuset. Det var seriøse greier, fortel ho.

– Eg huskar ein replikk frå mitt første stykke. «Reiste hauken me’ ne Spragle?»

Ho ler hjarteleg igjen. I stykket spelte ho «gamlekjerring» som miste høner til hønsehauken.

– Det var andre tider. Vi brukte sot og kol til sminke, og vi fekk oppleve mykje. Vi reiste jo rundt med desse stykka, så det var både sosialt og opplevingsrikt, minnest ho.

Humor: Bergljot Bella Sandvik og Mads Ryste med revyframsyning i samband med grunnskuleveka i november 1988.

Der har alltid vore eit unikt miljø for spel og revy i Hovdebygda. Bella var fast med frå ho var femten, men med eit opphald då ho vart gift og fekk barn.

Ektemannen, Jarle, var frå Larsnes og var selfangar. Han var ofte vekke i lengre periodar. Då tok Bella seg av hus og heim, og dei tre borna, tvillingane Hilde og Petter og yngstedottera Koldis.

– Men når tvillingane var store nok til å ta seg av veslesystera, då var eg klar for scena igjen.

Dei siste 11 åra har ho vore aleine, etter at Jarle døydde. Men med tre barn, fem barnebarn og sju oldebarn, har ho stadig noko å henge fingrane i. Lefsebakekunsten hennar er vide kjend, og er det fest, veit Bella å diske opp.

Familie: Bergljot med ektemannen Jarle Sandvik og dei tre borna, Koldis, på fanget, og tvillingane Petter og Hilde.

Tidleg ut i arbeidslivet

– Eg er veldig glad i mat. Det har eg alltid vore. Då eg var barn hadde vi middag klokka 12. Eg gjekk vel aldri glipp av eit einaste måltid.

Meir latter

Oppveksten i Ytrehovden var god. Familien på fem budde i eit hus like ved Hovdevatnet. Det var deira badekar, og deira leikegrind når isen la seg om vinteren.

– Kalvegjerdet, sa folk, når dei skulle til oss, fordi der var eit 12 mål stort område der bøndene sleppte kalvane.

Men for eit pratesjukt barn, kunne dagane bli litt lange.

– Det kunne bli litt kjedeleg der ved vatnet, for ei pratesjuk jente som meg. Og der var ikkje så mange ungar. På skulen var vi to gutar og tre jenter. No er det berre eg som er att. Det er ein vemodig tanke.

Skulen var ho heller ikkje særleg glad i.

– Eg har tenkt ein del på det i ettertid. Kva som låg bak. Skriving låg aldri for meg. Eg fekk skjenn om eg brukte venstrehanda. Det var uhøyrt på den tida. Så eg måtte lære meg å skrive med høgre. Eg trur nok ting hadde vore annleis om eg hadde fått skrive med venstre.

Difor gav ho klar beskjed til lærarfaren: Når ho var ferdig med folkeskulen skulle ho ikkje gå ein dag meir på skule. Og slik vart det.

– Han var god slik han far, han protesterte ikkje. Ville eg ikkje, så ville eg ikkje. Han hadde nok brent seg på staheita mi mang ein gong tidlegare.

Difor vart det tidleg ut i arbeidslivet for å tene til livets opphald.

Etter ho var konfirmert fekk ho seg jobb på kleklypefabrikken på Digernes. Her var ho i mange år, bortsett frå ein periode der fabrikken vart bygd opp att etter brann. Då vart ho hyra inn av Møre Trikotasje.

– Og det gjekk, heilt til jul. Eg sykla kvar dag ned til fabrikken, men med mykje snø og dårleg ploging, dei brukte treplogar på den tida, så vart det uråd å kome seg fram.

Då klypefabrikken stod klar att, fekk ho seg jobb der igjen, og var verande så lenge fabrikken var i drift.

– Også mens ungane var små og eg var heime. Då hadde eg eit apparat heime i stova, så kom dei frå fabrikken med leveransar ein gong i veka, og henta med seg det som var klart.

Sidan vart det både butikkjobbar, og jobb i barnehage. Dei siste åra før ho vart pensjonist var ho tilsett i Hovdebygda barnehage.

Latter: Det går aldri lenge mellom kvar gong Bergljot Sandvik opnar latterdørene på vidt gap.

Viktig å le

– Å gå arbeidsledig har aldri vore eit alternativ for meg. Eg likar å kome meg ut, eg likar å møte folk, og eg likar å prate.

Laurdag er ho klar for scena igjen, med «Hovderevyen trakkar over streken».

– Men no må det vel synge på siste verset! Men så lenge dei vil ha meg med, er eg med. Eg likar at det skjer ting. Det har eg alltid gjort. Å sitje i ro og stire i veggen ligg ikkje for meg.

I august fyller ho 88 år. Oppskrifta på eit langt og godt liv, har ho ikkje. Men eit par tips på vegen kan ho gi.

– Flaks, godt humør og godt matvit. Eg har ikkje slite ut hovudet mitt på lesing. Men skikkeleg mat, det er viktig. Det held kroppen i gang. Og så er det viktig å le. Mykje.

Ho siterer frå faren sitt dikt om Lidaveten og Liadalsnipa:

«Gamalt og gale vert aldri vist. Ikkje før ryggen brotnar».

– Det passar ypparleg til meg!