Åmdalskoret Berre Damer. Det er ikkje berre-berre. Når dei gjer noko, likar dei å gjere det skikkeleg.

– Er det kjekt, er det lov, sa programleiarane Linda Hjelset Hjelm og Grete Karin Rem frå scena, til ein fullsett teatersal.

Og kjekt har dei heilt klart hatt det både når dei har førebudd showkonserten, og også undervegs. Sceneglede og godt samhald smittar også over på publikum, som let seg begeistre.

– Dette var knall. Dei er utruleg flinke, og det er artig å sjå på, sa Elise Kårstad.

Mia Moldestad var også imponert.

– For eit fyrverkeri av nokre damer! Det er utruleg kjekt, og for ei innleving dei har. Her var mange gode klassikarar!

– Du veit aldri med Åmdalskoret Berre Damer, helsa programleiarane.

Det har dei rett i.

Koret har emna på ideen om ein hyllestkonsert til schlagersviskene frå 80- og 90-talet ei god stund. Kvart kormedlem skreiv ned sin favorittlåt på ein lapp, og resultatet viste dei altså fram på premierekonserten onsdag. Favorittane stod i kø: Bryan Adams, Michael Jackson, Grand Prix-favoritten La det swinge, Når jeg blir 66, Mick Jagger, Keith Richards, Jon Bon Jovi, Trond Viggo Torgersen, Dolly Parton. For å nemne nokre. Eit samansurium av låtar, som Åmdalskoret Berre Damer smidig og lekkert knytte saman til ein forrykande showkonsert.

I bakgrunnen surra gode minne frå ei svunnen tid over lerretet, og også bilde av kormedlemene frå tida då det var like vanleg med walkman som det er med mobiltelefon i dag. Då eimen av hårspray låg som eit lok over bygda. Då kassettane gjekk seg varme og laga bandsalat i spelaren under favorittlåten på Nattønsket og Ti i skuddet. Då kreppemaskina var fast inventar på badet, og skulderputene aldri kunne bli høge nok.

Der var vi igjen. På Ørsta kulturhus, ein heilt vanleg marsdag i 2018. Og likevel 30 år tilbake i tid.

Trampeklapp og ståande applaus frå publikum. Ekstranummer og glitrande konfetti. Berre blide fjes.

Og frykt ikkje. Der er framleis nokre billettar att til siste framsyning laurdag. Om du er rask.