Dette er dei kunstjuryen og Scenejuryen har valgt å sende vidare til fylkesmønstringa 27. -29. april i Stordal.

VOLDA

Scene

Raske shades

Juryen skriv følgjande.

Tøft låtvalt meg godt driv i piano. Ser pianist kosar seg og lever seg inn i musikken.

Kristiane Vartdal Vågen

Juryen skriv følgjande.

God innleving med sterk og fyldig vokal. Hadde stort spenn i stemma si frå mørke til lyse tonar. God dynamikk og tekstuttale. Spelar og syng samstundes og evnar å formidle ei tekst. Syner målretta og trygg musikalitet.

Kunst

Even Finnøy med kunstverket «Miniatyrdal»

Juryen skriv følgjande

Lekkert perspektiv og dybde som suger oss inn i motivet. God bruk av heile valørspekteret, frå mørk til lyst. Flott linjeføring. Alle elementa jobber godt sammen for å forsterke og tydeliggjere fokuspunktet. God dybde også i skyformasjonane, og at fargen her vert tatt igjen diagonalt i vatnet. Flott med dei rolige flatene i delar av motivet som ein kontrast/forsterking av alt som skjer i skyer og berg.

Linn Huserbråten med kunstverket « Vindfult»

Juryen skriv følgjande

Du har arbeida godt i prosess med motivet ditt, spesielt med anatomi og fremstilling av hjorten. Flotte linjeføringer i komponentane i maleriet. Fine diagonele linjer og S-linje. Lekker tekstur på trea og den leikande pennelinja i omrisset, ein kontrast til dei harare tydelige linjene og flatane i hjorten og blada. Bevegelsen og teksturen i graset er god og forsterkar linjeføringa i komposisjonen.

Ørsta

Scene

Jonas Årsheim Arnorsson

Høg kompetanse på vokal med tøff, mørk og fyldig klang. Fekk fram teksta på ein god måte.

Tora og Sigurd Ose

Fin  kontakt med publikum frå både vokalist og pianist. Positivt at ein ikkje nyttar notar i opptreden. Sigurd hadde godt driv og rytme som svinga. Tora  hadde god tekstuttale, klang med mørk og god fylde. formidling. God innleving og dynamikk.

Kunst

Birgithe Kristine Runde med biletet «Kontrast»

Flott konrastbruk!! Du jobber godt med tekstur i bakgrunnen opp mot reine felt. God bevegelse og aktivitet i bildet. Du har fått fram ei flott djupt . Det var eit rått valg å legge inn dei rette linjene på hodet, treffande og effektfullt mot dei runde/mjuke linjene ellers. Du har med andre ord eit bilde fullt av kontrastar, med fargekontrast, streken sin rette mot boga linje, lys mot mørk, flatt mot det tredimensjonale osb.