Søndag var det UKM, eller Ung kultur møtast, på Ørsta kulturhus. Arrangementet er for ungdom både i Ørsta og Volda, og det var med deltakarar i tre kategoriar, scene, kunst og media.

Sceneinnslaga dominerte, med 13 nummer i alt. I ein og ein halv times konsert vart det vist at kulturlivet blømer blant dei unge i dei to kommunane.

Færre deltakarar

Likevel, det er færre deltakarar no enn for få år sidan. Det uroar litt juryen, som i år var samansett av Nina Vedeld Telseth, John-Inge Bjøringsøy Leira og Øystein Nybø.

– Særleg saknar vi dei eldste ungdommane, dei mellom seksten og atten år. Det gjeld til dømes dei som går på musikklina på Volda vidaregåande. Dei burde ha vore med her, for dei er også førebilete for dei som er yngre, seier Vedeld Telseth.

Jurmedlemmene er likevel nøgde med kva dei såg av sceneinnslag, og slår fast at det er mange talent blant dei unge.

– Det som er viktig med ei slik mønstring er at dei unge faktisk står på ei scene. Skal ein utvikle talentet, må ein trene og øve. Og det å stå på ei scene er god trening, seier Vedeld Telseth.

– Målretta

Juryen er glade for at UKM har ei så fin ramme i Ørsta kulturhus. Det er profesjonell lyd og det er dyktige folk som styrer med lyssetjinga.

Når jurymedlemmene skal plukke ut kven som skal gå vidare til fylkesmønstringa, er sjølvsagt sjølve framføringa viktig. Men dei ser også etter andre ting.

– Som at artistane verkar førebudde. Dei må vere målretta, seier Øystein Nybø.

UKM er altså eit samarbeid mellom Ørsta og Volda kommunar, og det er mykje ungdommen sjølve som står bak arrangementet.

– Utan dei frivillige hadde vi ikkje greidd å gjennomføre denne mønstringa, helsa programleiar Elise Stokken frå scena.

Og ungdomsrådet i Ørsta har sjølve vore viktige med å få gjennomført arrangementet.

Frå scena var det ein stor variasjon i sjangrar. Der var rockeband, solistinnslag med song, fiolin og piano, og der var duettar.

I tillegg til sceneinnslaga var det fire som deltok på kunstutstillinga, og ein deltakar i mediekategorien.