Jon Olav og songen Hei Erna har fått mykje speletid på P3 gjennom dei siste vekene. 22-åringen frå Barstadvik er ein av fire finalistar under årets Urørt-finale i Oslo. Dei andre finalistane er Kald Flamme, Hanne Mjøen og Heave Blood & Die.

Det var publikum som stemde Jon Olav fram til finaleplass på p3.no, og publikum får også sjansen til å stemme på sine favorittar i finalen. P3 opplyser at det vert høve til å stemme fram til vinnaren er kåra 1. mars. Urørt-finalen vert arrangert på Mathallen i Oslo klokka 12.00 torsdag, og vil bli sendt direkte på radio. På kvelden vil finalistane stå på scena på Doga under Bylarm.