Suksessromanen En mann ved navn Ove blei i fjor til både film og teater. I Stockholm fekk oppsettinga strålande mottaking og blei omtalt som «feelgood-teater med meining». Over 60 000 publikummarar har så langt sett framsyninga. No kjem teaterversjonen til Noreg med Sven Nordin på scena.

Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboane sin skrekk. Kvar morgon går han på ein inspeksjonsrunde i burettslaget for å sjå at alt er på stell. Det trass i at han for lengst er avsett som styreleiar – ei hending han sjølv omtalar som statskuppet. Ove sparar på straumen og prutar i butikken, og har alltid eit uvennleg ord til dei fleste. Vi kjenner alle ein mann som han. Men under overflata på denne innbitne, steile mannen finst ein annan Ove. Ein einsam mann som sørger over tapet av kona si.

– Reisa frå gretten gubbe til eit samansett og sårbart medmenneske, er vakker, seier Sven Nordin.

Regien er ved Bjarni Thorsson, som tidlegare har hatt suksess med Nordin med framsyningane Hulemannen og Pappaen.