Det opplyser Sunnmøre kammermusikkfestival i ei pressemelding.

Det er med ei viss ærefrykt ho tek jobben.

– Mange har lagt ned mykje tid for denne festivalen i fleire år og utvikla han til det han er i dag. Eg vil spele vidare på alt det fine og forhåpentlegvis også kunne tilføre noko nytt, seier Robak.

Kaja Robak er ikkje sunnmøring, men flytta til Volda i 2011 for å studere journalistikk. Og heilt sidan då har ho vore ein aktiv deltakar i kulturlivet. Robak spelar fele, er medlem i symfoniorkesteret i Volda og vikarierer no som fiolinlærar på Ørsta kulturskule.

– Å skape musikk, og gi den skapargleda vidare til andre, er noko av det finaste eg veit om. Musikk gir oss heilt andre perspektiv på livet og sammfunnet, den kan sette i gang dei største kjenslene og skape opplevingar som sit i ein for livet. Difor er eit aktivt kulturliv så uendeleg verdifullt for alle, seier Robak.

At kjende musikarar i verdsklasse kjem til Sunnmøre kvart år kan inspirere mange, både dei som driv aktivt med musikk sjølv, men også mange andre, meiner Robak.

– Når ein høyrer musikarar på eit slikt nivå spele saman kan det ikkje verte anna ein magisk stemning. Eg håpar endå fleire skal få oppleve det i år, korleis musikken kan løfte ein og verkeleg gi store opplevingar.

Vil ha med fleire frivillige

Festivalleiinga er lita og oppgåvene som ventar den nye leiaren mange og varierte. Alt frå å booke artistar, skrive kontraktar med dei og agentane deira, til å leige lokale, tinge notar, syte for plakatar og mykje anna. Planlegginga av årets festival, som vert 2. til 8. september, er godt i gang fortel Robak. Wolfgang Plagge og Kork-fiolinist Annar Follesø, som er dei musikalske leiarane for festivalen, har alt gjort avtalar med dei fleste musikarane. Men kven det er kan den nye leiaren ikkje røpe enno.

– Årets festival byrjar å ta form og eg gler meg veldig til programmet og artistane vert presenterte for publikum, seier Robak.

Sjølv ynskjer ho at årets festival skal engasjere endå fleire frivillige enn tidlegare.

– Det er noko heilt eige å vere frivillig på festival, det har eg sjøv erfart mange gongar. Ein kjem innunder huda på festivalen på ein heilt eigen måte. Og vi vil gjerne ha endå fleire gode hjelparar.

– Bli med! Vi treng alle slags folk, dei som kan skrive, tek gode bilde, vere sjåfør, koke kaffi, henge opp plakatar, spreie ordet om festivalen og selje billettar, oppmodar ho og seier folk gjerne kan ta kontakt med ho perslonleg, om dei vil bidra.

– Vi får aldri for mange frivillige, seier Robak.