– Eg skriv tekstane og melodiane, medan Hans-Christian står for arrangementet på songane. Viss eg ikkje likar det han gjer så må vi gjere noko anna. Eg trur ikkje at hadde klart å jobbe saman med andre enn han, men samtidig så trur eg at han av og til slit litt med at eg må vere sjef, seier Marit lattermildt.

– Marit er ikkje berre gift med meg, men ho er også gift med songane sine, skyt Hans-Christian inn.

– Men vi må vere samde begge to før vi går vidare.

– Det er ein dragkamp, men det er ein sunn dragkamp som gjer sluttproduktet betre.

Slik beskriv Marit Lystad Johansen og Hans-Christian Humberset arbeidsprosessen med å lage ny musikk. Torsdag vil debutplata til Lystad Johansen, Moving On, vere tilgjengeleg på alle strøymetenestene der du finn musikk. I tillegg er det trykt opp hundre CD-ar som også blir tilgjengeleg.

– Det er veldig spennande med plateslepp, og eg tykkjer det er kjekt å ha plata også i fysisk format.

– Korleis vil du beskrive Moving on?

– Det er vanskeleg, men eg valt å kalle det ei slags countryplate. Hovudvekta av låtane høyrer til countrysjangeren, men det er ein del sjangerblanding. I tillegg har countrymusikken blitt ein veldig stor sjanger etter kvart. Det er ikkje Buck Owens og det er heller ikkje Vassendgutane, men plata viser kva eg står for som artist.

Før Lystad Johansen starta å skrive eigen musikk var ho mest inspirert av jazz og blues, men etter at ho trefte mannen Hans-Christian har countrymusikken fått ein større og større plass i musikkhjarta hennar. Platedebutanten kunne tenkje seg å drive meir med musikk i framtida.

– Kva du har lyst til og kva du får til er to ulike ting. Vi er realistiske. Dette starta som eit hobbyprosjekt. Viss det blir ei biinntekt så hadde det vore veldig kjekt, men det viktigaste er at eg får gjere det eg vil og eg ønsker ikkje å bli styrt av nokon andre.

Marit vil spele under opninga av kunstutstillinga med livsverket til Ingeborg Lystad torsdag. I tillegg er det planlagt ein konsert med band i Ørsta.

Plata til Marit kan høyrast på Spotify her.