Gjennom morgonen og føremiddagen onsdag var det duell mellom Jon Olav og Tuvaband gjennom P3 sine kanalar. Songen Hei Erna vart ein viral slager då den kom ut i fjor, og 22-åringen frå Barstadvik har tydleg fenga mange. I programmet Christine vart det klart at Jon Olav vann sin duell, og vart den tredje artisten som er klar for Urørt-finalen. Måndag og tysdag vart Kald Flamme og Hanne Mjøen finaleklare.

– Det er spesielt og rart å vere nominert til Urørt-finalen. Mange av mine musikalske førebilete, som t.d. Mikhael Paskalev, har vore der. Det er veldig spennande, sa Sandal til Møre-Nytt tidlegare i veka.

Totalt er det fire artistar som får plass i Urørt-finalen. I 2004 vart Side Brok årets Urørt, og dei siste åra har Kristian Kristensen, Cezinando og Dårlig Vane vunne. Finalen går av stabelen i Mathallen i Oslo under By:larm 1. mars.