– Ein av favorittane har fått musikkvideo

I fjor haust slapp Egil Olsen sitt femte album You and Me Against the World. No har ein av favorittane på albumet fått musikkvideo.
Kultur

– Ein grip dagen-song! Sjølvhjelpsrock! Eller pep-pop! Det er lett å le av kloke ord og visdom i sosiale medium, men ein kan ikkje berre le av slikt. Av og til treng ein litt ekstra motivasjon, positivisme og store ord. Eg må innimellom lage slike songar for å motivere meg sjølv. Og forhåpentlegvis andre. Denne starta med at eg såg eit ekorn som gjorde eit imponerande hopp frå eit tre til eit anna utanfor studioet mitt, slik omtalar Egil Olsen låten Live Today Like It’s the Last som no har fått musikkvideo.

Artisten frå Ørsta har fått mange lovord for albumet You and Me Against the World. At det no vart musikkvideo av Live Today Like It’s the Last kan han takke plateselskapet for.

– Det var eigentleg plateselskapet eg jobbar med i Nederland som tvinga meg til å lage ein video til denne songen. Den har blitt eit fint avslutningsnummer på turné og fått so mykje fin respons, den kom til og med på Erik Valebrokk si liste over verdas 50 beste låtar frå 2017. På 49.-plass. So den fortener ein musikkvideo, seier Olsen.

Egil Olsen spelar på Over Oslo Bar på Grefsenkollen 2. mars og gjer litt fleire konsertar rundt om i landet utover våren.

– Og 12. mai stiller han stolt opp på det store pride-arrangementet i heimtrakene, heiter det i ei pressemelding.