Det seier hotellsjef Diana Moldskred på Hotell Ivar Aasen. I kjellaren på hotellet er Vaktmesterservice så vidt i gang med å få ting på stell. Det er enno lite som minner om utestaden Påfuglen/Fogli/Viking frå sine glansdagar, men med iherdig innsats dei neste månadene, skal utestaden igjen fram i lyset.

Det heile er eit samarbeid med Musikk i sentrum. Nils Dragnes, Hans Robert Bondhus og Miranda Tryggeseth er klare til å brette opp ermene og starte ryddesjauen, så snart dei får klarsignal frå hotellet. Dei vil jobbe på dugnad, og har allereie vorte kontakta frå fleire frivillige som ønskjer å bidra. Det set dei pris på.

– Engasjementet er enormt. Det er tydeleg at bygdefolket ønskjer dette. Vi skal bidra med sjauing, riving, kasting og bering, så om folk vil bidra er det berre å ta kontakt. Dette arbeidet er ikkje gjort på ein dag, for å seie det slik, seier Dragnes.

Moldskred rosar entusiastane i Musikk i sentrum.

– Ingenting er betre enn folk med vilje og engasjement for å skape utvikling og for å få til noko her på hotellet. Det er veldig positivt. Det vil også seie at vi kan få utestaden opp og gå igjen, lenge før vi hadde planar om. Samarbeid er gull verdt.

Planen for kjellaren på hotellet er å lage til ei kulturscene.

– Her skal alle få sleppe til. Vi har eit rikt lags- og organisasjonsliv i bygda. Vi treng ei skikkeleg scene, og berre kreativiteten kan avgrense oss. Her skal det vere eit tilbod for stort og smått, seier Moldskred.

Men Rom vart ikkje bygd på ein dag. Kjellaren har stått urørt i mange år, og ber preg av det.

– Det største arbeidet handlar om det tekniske. Det er mykje som skal på plass, og så har vi mange nye forskrifter vi må halde oss til. Når alt dette er gjort, er vi klare for å tenke på interiøret og korleis vi skal få laga til dette på ein best mogleg måte, seier hotellsjefen.

Musikk i sentrum har allereie presentert ei skisse over korleis dei kan tenke seg å ha det.

– Vi har fått ganske frie tøylar, men alt må passe med det tekniske og med dei mange forskriftene, så vi får vente og sjå korleis ting vert, seier Dragnes.

Ny scene og ny bar skal på plass. Den gamle utestaden skal bli ny. Det skal bli meir romsleg, og meir brukarvennleg og praktisk.

– Det er eit stort behov for ei skikkeleg kulturscene i Ørsta. Vi veit at mange har sakna det dei siste åra, det ser vi på engasjementet dette skaper, seier Hans Robert Bondhus.

Arbeidet vil gå jamt og trutt framover, men snarleg opning, kan dei ikkje love.

– I løpet av året. Det er det vi kan seie, seier gjengen frå Musikk i sentrum.

– Det må ta den tida det tek for å kome i mål på ein skikkeleg måte. Det vert ikkje før sommaren, seier Moldskred, men støttar Musikk i sentrum sine lovnader om at ørstingane kan få ta den nye utestaden i augnesyn før året er omme.