I Ørsta Røde Kors er det mange som står på. Og natur, klima og samfunnsutvikling elles gjev oss rikeleg med utfordringar. Som vi med stor innsatsvilje prøver å løyse best mogleg.

At vi kan lukkast med å behalde våre medlemer år etter år, skuldast ikkje minst støtte frå våre medmenneske. Som igjen gjev oss høve til å ha kontinuitet i arbeidet og bygge opp svært høg kompetanse hjå leiarar og medlemer. Og godt utstyr.

Denne støtta er både merksemd, gode ord og økonomi. Og at vi vert godt mottekne enten vi skal hjelpe nokon eller selje lodd.

Alle lodda i Besøkstenesta sitt haustlotteri vart selde. Og over 2500 selde adventskalendarar.

Og ikkje minst mange støttespelarar som gjev oss sine grasrotandelar.

Innbyggarar i Ørsta kommune fortener verkeleg eit Røde Kors som står på og presterer.

Sjølve er vi både takksame og audmjuke over støtta vi får.

Viktigast for alle er nok likevel kva dette betyr for motivasjon og evne til både være gode på det vi er, behalde medlemer over tid, rekruttere nye, kunne fornye oss og ta fatt på fleire aktivitetar.

2017 er historie, og vi er godt i gang med 2018.

Og vonar mange vil hjelpe oss å vert enno betre.

Med beste helsing oss alle i Ørsta Røde Kors!