Tettar taket på Tingstova

Hjørundfjord Adventures og andre lokale næringsverksemder vil sette i stand taket på Tingstova på Bjørke no til våren 2018.

Tingstova på Bjørke: Til våren skal Tingstova på Bjørke få tett tak. Foto: Håvard MyklebustFoto: Håvard Myklebust

Kultur

Tingstova har hatt lekkasje i taket dei siste åra, og det er nødvendig å gjere tiltak no snarast, elles kan eit viktig kulturminne gå tapt.

Tiltaket sett i gong i samråd med grunneigar, og kyndige fagfolk er i gong med planlegge arbeidet. Fylkeskonservatoren vert og kontakta.

- Hjørundfjord Adventures driv Hjørundfjord Vandrarheim, og vil gjerne at dei tilreisande skal få ei mest mulig autentisk oppleving på sin kveldstur rundt Bjørke. Hjørundfjord Adventures ser at det er verdifullt for både turistar og folk flest at Tingstova vert teke vare på for framtida, heiter det i ei pressemelding.