– For Adam har det aldri vore tvil - Trandalblues er heime, skriv arrangøren av Trandalblues, Bratt og Blått, på si heimeside.

Han har delteke på Trandalblues seks gongar. No har han blitt stjerne.

– Adam har utvikla seg til ein eineståande artist som «alle» vil ha.  Men det er til Trandalblues han kjem «heim». Han var med frå byrjinga og med det same han kom til Norge. Frå «år null» i Trandalbluesen si historie i 2007, var Adam ein avgjerande person for at festivalen fekk utvikle seg slik han og har gjort, skriv Bratt og Blått

Adam Douglas vart landskjend då han vann Stjernekampen på NRK. Karrieren i Noreg byrja på Sunnmøre, som frontmann i bluesbandet Woodleg Odd.

– I år er vi ekstra kry av å kunne presentere denne formidable artisten. Mykje fordi han i 2018 er ein av dei mest etterspurde artistane i landet, men mest fordi det er ei glede å få ønske Adam velkomen heim «til Trandals bakker der blomster vokser grønne», skriv Bratt og Blått.