– Eg er svært fasinert av gatekunst, seier Håvard Krøvel-Velle, lærar ved Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule.

Dette har han teke med seg inn i klasserommet, og dei 15 elevane med valfag i bilde/foto/film førebur no ei framsyning som skal lyse opp den utvendige veggen på Ørsta Torg, tre dagar i sluttspurten på julestria neste veke.

Det er snakk om såkalla projection mapping, altså ei interaktiv framsyning på andre flater enn det tradisjonelle lerret.

Moglegheitene er uendelege, ifølgje Krøvel-Velle. Elevane boltrar seg i eit stort tal stilartar, frå surrealisme, art nouveau, minimalisme, pixel art til art deco og fotografi.

– Vi hentar inspirasjon frå nettet, og bearbeider bilda med utgangspunkt i kva stilart vi ønskjer å presentere, fortel Maria Standal Digernes og Carina Holen, mens dei demonstrerer på datamaskina korleis dei manipulerer bilda.

Skråblikk og julestemning

Gatekunstnarar har tradisjonelt ofte jobba ulovleg og anonymt, men denne gjengen forsikrar om at dei har henta løyve frå både politi, kommune og huseigar til dette prosjektet.

– I gatekunsten sin natur ligg det ofte skråblikk og samfunnskommentarar om korleis menneska lever liva sine, så somme motiv har ein «mild provokasjon» med meir eller mindre skarpe bodskapar. Andre motiv har rett og slett som mål å berre skape god julestemning, fortel Krøvel-Velle.

Dei ulike bilda skal setjast saman til ein film som til saman vil vare i rundt 10-12 minutt, og som vil gå i loop på kveldstid, mens folk er ute i sluttspurten i julehandelen sin. Kanskje gjer dette at folk stoppar opp, trekk pusten og seinkar skuldrane og får sving på ein tanke eller to om kva verdiar jula ber med seg – i tillegg til gleda over å gi gåver.

Kunst: Bilda som blir vist varierer mellom ulike stilartar, og filmen varer i til saman rundt ti minutt, og vil gå i loop heile kveldane frå onsdag til fredag neste veke. Foto: MK Volda vgs. Foto: mk volda vidaregåande skule