- Vi har ikkje arva snakketøyet til far, men vi er godt oppfostra på andre ting. Eg er faktisk rørt. Far har lagt ned mykje hardt arbeid, og det har ikkje alltid vore eit like godt samarbeid med kommunen. Vi har sett på oss sjølve som litt veslebror, litt avlegs og hatt litt mindreverdigkompleks. Dette er eit ernormt klapp på skuldra for vår del. Det er godt å bli sett pris på, og denne prisen heng høgt, sa Lenita Storeide etter at ho og Daniel Storeide tok imot Ørsta kommune sin kulturpris for 2017.

Christian Gaard Bygdetun fekk kulturprisen under kommunestyremøtet torsdag. Prisen er ein diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner.

I grunngjeving står det: I kulturomgrepet er det mange element, ulike uttrykksformer, ulike meiningsinnhald og ikkje minst ulike aktivitetar. Mykje av det som menneska opplever er knytt til kultur, og det er viktig å sjå kva for verdiar kultur har. Kultur skaper fellesskap i samtida, men også slik at det vert knytt band mellom fortida over til nye generasjonar. Omgrepet kultur vert brukt i mange samanhengar, – ofte i samansette ord.

Christian Gaard Bygdetun får kulturprisen knytt til det som er og vert skapt saman med fleire i den vesle bygda ved Hjørundfjorden. Dette viser att i fleire samanhengar og står fram som opplevingstilbod i eit særmerkt miljø med høve til deltaking både innan kultur, reiseliv og natur, – både åleine, i grupper eller i heilt store samanhengar som fleire flotte festivalar.

Christian Gaard Bygdetun er eit høgdepunkt for unike opplevingar og minne, – fleire gonger og med framtida i møte.