13. desember er Lucia-dagen, og det er ein av dei mest spennande dagane i barnehagane. Slik også hos Ole Brum-avdelinga i Barnas Vel barnehage. Der vart Lucia-dagen markert på skikkeleg vis, og Lucia-songen gjekk heile dagen. Borna tok seg ein tur ut i gatene, og delte ut lusekattar til folk.

– Vi har baka veldig mange, og vi har mange til overs, fortalde borna.