– Det hadde vore gøy om det kom noko utav kursa som sidan kan framførast på UKM!

Det seier Tone Rustestuen Aarhus, som er UKM-kontakt, leiar for ungdomsklubben og songlærar – alt i Volda.

Ho fortel at deltakinga i UKM har gått ned. Kvifor er trenden slik eigentleg?

Etterlengta bandtilbod?

–Ungdommane blir jo bombardert med musikk ifrå enkeltartistar seier Hans Robert Bondhus, kulturskulelærar i Ørsta og på Bandcamp.

– Det er å spele i lag som er gøy, stemmer kulturskulerektor i Volda Einar Opsvik i.

Han problematiserer at talentkonkurransane vi ser på tv stort sett presenterer enkeltartistar, ikkje grupper.

Sjølv om færre meldar seg på UKM, var Bandcamp på si side ein suksess målt i kor mange som ville ta del: over 40 personar i 2017. Det blir rom for minst like mange i 2018, og prosjektet vil strekke seg over lengre tid enn i fjor. Då var det fem kveldar, no blir det åtte. Musikkskulen har slagverk, gitarar og liknande, men det er fint å ta med eiget utstyr om ein har.

Låtskrivarkurs og bandcamp:

  • Ungdommar frå både Ørsta, Volda og Hornindal i alderen 13–20 år er invitert

  • Det er mogeleg å stille seg på venteliste uansett alder og heimkommune

  • Låtskrivarkurset blir heldt av Egil Olsen søndag 17. desember på Øyra skule

  • Bandcamp 2018 har oppstart tysdag 9. januar og skal vere hos Åtgaum

  • Tilboda er gratis og finansierast med  offentlege middel

Ekte musikkproduksjon

Musikkskule-trioen håpar at det som produserast på eitt kurs, kan nyttast vidare, til dømes at nokon først kjem på skrivarkurset og lagar ei låt, så øver vidare på bandkurset og til slutt framfører under UKM.

Hans Robert Bondhus skal leie bandkurset. Han er nøgd med det som vart produsert førre gong.

– Ein treng ikkje å vere så innmari flink for å kome, men det er greitt å kunne litt, seier han.

– Ikkje alle talent trivst aleine. Mange treng eit band for å ha gutsen til å vise seg fram, legg songlærar Aarhus til.