Laurdag 16. desember vert det releasekonsert på So Es Bors i Volda. Bandet har siste tida øvd veldig mykje og er klar for å gi publikum ein konsert som er veldig variert i tempo og styrke. Bandet har store ambisjonar og håpar at norske radiostasjonar vil spele singelen som er den første i rekka av fleire som vil kome ut i 2018.

"Kom å ta mej" er spelt inn i Ocean Sound studio på Giske av Henning Svoren frå Sæbø. Henning har siste åra vorte ein mykje brukt teknikar og produsent i Norge, sjølv om han fortsatt berre er ein ungdom. Draumen til Skapsmak er å få spele på festivalar sommaren 2018 og deretter turnere rundt på scener i Norge.

Skapsmak består av Aleksander Goksøyr, Malin Ørsal, Audun Håberg, Gard Eirik Austrheim, Marius Myklebust og Knut Steinnes.

Etter konserten i Volda vil DJ High Voltage Man spele 60 & 70-tals musikk fra Dylan, Stones, The Doors, Jethro Tull, The Band osv.