Når musikklina ved Volda vidaregåande skule inviterer til konsert, veit publikum kva dei får. Det er kvalitet, kvalitet og kvalitet.

Ei fullsett kyrkje fekk oppleve ein variert og god konsert, med sterke vokalprestasjonar, solide musikkinnslag og eit mektig felleskor både skulen, voldingar og ørstingar, må vere stolte av. Når koret stemmer i, frå dei lysaste sopranar til dei mørkaste bassar, er det nærast umogleg å ikkje bli berørt.

Dei som gjekk glipp av konserten kan få ein smakebit i videosnutten.

Og som programleiarane Erlend Fiskaa Ødegård og Even Sævik så kjekt sa mot slutten, til eit svoltent publikum: - Fortvil ikkje. Det er berre eitt år til neste julekonsert. Og for dei som ikkje klarer å vente så lenge, inviterer vi til musikal allereie i februar.