Hans Robert Bondhus, teamleiar på Kaihuset, fortel at det var 11 innslag i år.- At så mange band er med er kjempebra! Det er og første gong på mange år at vi må halde eit ekstra auge til folk grunna publikumskapasiteten, seier han og smiler.Battle of the Bands er ei musikkonkurranse der ein jury vel to vinnarar, og publikum stemmer fram sin favoritt. Kvart band eller artist kan framføre maks tre låtar kvar. Alt frå god gamaldags rock til eigenproduserte raplåtar vart framført på scena for kring 140 publikumarar. Nytt med i år er at det ikkje var første- og andreplass, men dei to banda juryen tykte hadde best formidlingsevne, publikumskontakt, energi og kontroll fekk eit gåvekort på 5000kr frå anten Rufo eller KlangLab. Juryen, som bestod av Sivert Eikrem, Erlend Årøen og Tonje Aakre, valde til slutt «What the funk» frå Ørsta/Volda og «Emmanuel & co», rapduo frå Ørsta og Stordal, som vinnarar av årets Battle of the Bands.

– Det var veldig kjekt å vere med! Vi er sjeldant med i konkurransar, så det var veldig gøy å vinne dette,, seier Sigurd Ose, som er pianist i What the funk"

Publikumsprisen vart gjennomført på same måte som tidlegare år, der publikum kunne stemme på det bandet eller artisten dei sjølv likte best. Bandet med flest stemmer vart «Niat & co», og dei vann 25 kinobillettar til ein verdi av 2500kr.- Mine ord om kvelden er at eg er veldig fornøgd for at det vart ein slik suksess når vi no gjekk inn for å gjenopplive dette tradisjonsrike arrangementet. Eg er og særs nøgd med at vi fekk ein slik variasjon av sjangrar i påmeldingane. Det reflekterte verkeleg at det er mykje som skjer i det unge musikkmiljøet – mykje kult og mykje forskjellig, fortel Bondhus. Han rosa Bendik Mork Folkestad, førstegongs Battle of the Bands-general, som har lagt mykje jobb i planlegging og gjennomføring av arrangementet.Kjekt å sjå mangfaldJurymedlem Sivert Eikrem seier at det er kjekt å sjå mangfaldet, nye sjangrar og nye folk på Kaihuset. - Det er ei ære å få vere jury, spesielt når du har vore med i konkurransen tidlegare. Når du sjølv har vokse deg ut av Kaihuset, er det kjekt å sjå at ungdomar fortsatt kjem hit og nyttar kva ungdomshuset har å tilby. Eg hugsar sjølv korleis det var å spele her, og kor mykje vi såg opp til juryen. No sit eg her sjølv, så det har på ein måte vorte «ein full sirkel».