Er det vi lagar til i år godt nok? Vil dette programmet verte like bra som i fjor? I forårs?

Som utsend bladfyk i år etter år har eg sett alt, trur eg. Frå dei meir intime pensjonistfestane, som det heitte i børjinga, til elevtalet og programma sprengde alle grenser på Vikemarka, og Samfunnshuset, no Kulturhuset, vart eit både naturleg og naudsynt var av scene. I år var det nissane som fekk stort sett all merksemd. Med song og tablå fekk vi heile historia om korleis panikken spreidde seg i nissland då rykta kunne fortelje at sjølvaste nissefar og nissemor hadde fylt veska si med solfaktorflasker og reist til Syden. Og det berre fire veker før jul.

Men dei små tapte ikkje motet, og så starta ein innspurt som både aktørane i tablåa og songarane i koret sanneleg fekk demonstrert. Her skulle jula reddast! Snikkarane snikra, symaskiner og strikkepinnar var i full sving. Målarmeistrar svinga penslane, og på pakkedisken gjekk det nesten varmt i julepapiret. Og då nissemor og nissefar endeleg kom heim, var alt ordna. Alle pakkane utleverte, ingen gløymde, og nisseluene gjekk høgt i veret i pur glede over at julefesten kunne ta til.

Det var ein tydeleg stolt rektor Odd Einar Fimreite som takka alle etterpå. Han kunne nesten ikkje finne gode nok ord for å få oppleve ei slik framsyning. Og med dyktige lærarar og medhjelparar, som alltid før, hadde han orda i behald: Kjempeflott!

Programmet er laga av Ragnhild Grov Nilsen og Jostein Hetlevikl Halland, og Liv Mari Thorbjørnsen har oversett alt til nynorsk/dialekt, noko som absolutt gav kjensle av at dette er vårt. Flotte digitale kulisser får Jiri Nagy ha mykje takk for. Elles er så mange involverte at det får halde med å gi ei lita rose til dirigenten, Ingrid Tømmerbakk.

Så då kan denne bladfyken konsentrere seg om lutafisk og siste tørketipset for villsauribbene, julebrev og julereingjering; og berre gle seg til neste førjul. Startskotet har gått! Takk til alle på Vikemarka som gledde oss.

Tekst og foto: Arne Ola Grimstad