– Dette vert den 37. årgangen med Ørstakalenderen, og det er like mange årgangar som alderen på klubben vår, fortel president Robert Lorvik og aktivitetsleiar Kjell-Frode Davidsen i Lionsklubben.

Kalenderen er bygt over den same lesten som tidlegare år. Det vil seie at klubben har fått hjelp frå Jostein Mo til å plukke ut historiske bilete frå Ørsta, og Mo har også teksta bileta. Det er bilete frå krigens dagar, bilete av fotballag og lag og organisasjonar mellom anna.

– Vi har trykt kalenderen i eit opplag på 800, og der 190 er førehandsselde til bedrifter som har støtta oss. Vi er svært takksame for alle støtteannonsane, for det er dei som er med på å gje oss ei solid inntekt i tillegg til sjølve kalendersalet, fortel Lorvik.

Lionsklubben vil starte salet av kalenderen i løpet av komande veke.

– Vi vil stå utanfor butikkar og kjøpesenter, og vil dessutan gå litt rundt og selje på dørene. Vi rettar ei stor takk til alle dei butikkane som gir oss lov til å stå utanfor døra deira, seier Davidsen.

For Ørsta Lions Club er inntektene frå kalendersalet ei av dei viktigaste gjennom året. Pengane vert nytta lokalt.

– Lionsklubbane støttar gode tiltak både lokalt og internasjonalt. Medan kontingentpengane våre går til internasjonalt arbeid, vert alt vi samlar inn gjennom ymse tiltak fordelt til gode prosjekt her lokalt. Vi har i år til dømes støtta Mork rehabiliteringssenter med ein tur til Hoven, og vi brukar store ressursar på undervisingsprogrammet «Mitt val», der vi har hatt kurs for mest alle lærarar og førskulelærarar i Ørsta, fortel Davidsen.