Kirsten Ose sit med eit rykande ferskt eksemplar av si eiga diktbok i hendene, «Lengsel om draumen». 20 dikt samla mellom to permar.

– Eg har tallause dikt. Det var litt av ein jobb å velje ut, men eg trur eg har valt rett. Det er ein raud tråd gjennom det heile: Naturen. Og boka følgjer årstidene, frå vår til vinter.

Humor og alvor

For dei fleste er ho kjent som «revy-Kirsten». Dama som ler høgst og som briljerer på scena, enten det er som deltakar i Hovderevyen, eller som innleigd kåsør/toastmaster/programleiar.

– Men eg har fleire sider. Det er mykje alvor bak humor. Dette er den alvorlege sida av meg, sjølv om det sjølvsagt er litt humor her også. Eg håper i alle fall at dikta mine er så gjenkjennbare at folk kan dra på smilebandet når dei les dei.

Verdiar

Dikte har ho gjort i fleire år. Det starta med ei nyheitssak som tende henne for 20 år sidan, og ho sende eit svar – på rim – til avisa. Sidan har det balla på seg. På ein eigen blogg legg ho ut små og store dikt frå kvardagen. Følgjarskaren har etter kvart vorte stor.

– Eg håper at orda mine kan bety noko for andre. Det er difor eg gjer dette. Verdiar er viktig for meg. Du kan ha så mykje gull og diamantar du berre vil, men til sjuande og sist er det ikkje det som betyr noko. Det er ikkje det som er viktig i livet. Eg hyllar kvardagen og dei nære tinga.

Etterspurd

Diktboka har vore etterspurd. Kirsten Ose har vore med og stilt ut dikta sine i kunstgata i Ørsta om somrane, og fleire av dei er å finne rundt om på vegger både i private heimar og på institusjonar i Ørsta. Fleire vil ha ein bit.

– Ja, folk har jo masa litt på meg, men for meg sat dette svært langt inne, det må eg innrømme. Og eg har ikkje hatt guts til å sende noko inn til eit forlag, for eg er så redd for å bli refusert.

Igjen denne klingande og smittsame latteren.

– Eg gjer det best sjølv, på eige forlag, seier ho.

– Og så er det veldig kjekt for meg å vise fram noko anna enn «revy-Kirsten». Mange vart overraska då dei høyrde at eg skreiv dikt. Eg held meg på eit folkeleg nivå. Det var ein eldre kar som sa til meg: «Endeleg eit dikt som eg forstår». Eg har ingen skjult agenda. Men om dette kan gjere andre godt, ja då har også eg vorte rikare.

«Lengsel om draumen» er mogleg å få kjøpt ved å kontakte Kirsten Ose.

Sola vart borte på hausten i storm

og hjartet har kjølna i natta.

Ein lengsel som langt inn i sjela tok form

ein lengsel som ingen kan fatta

Ein lengsel mot dagar av glede og varme

og blomar med sødmefull duft

Der kjærleiken står midt i grønkledde åsar

og svaiar i galskaps fornuft

Ho kjenner i hjartet eit ørlite snev

av ungdomens herlege netter

Men vinteren varmen frå hjartet alt krev

og håpet og trua den sletter

(...)

So kjem det ein dag då det bankar på døra

ein vårvind so leiken og sval

Med lovnad om dagar med latter og varme

og netter som manglar moral