Fredag 8. desember skal Karpe Diem sin film "Adjø Montebello" visast på Ørsta kino, og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel vil sjølv vere til stades under filmframvisinga.

- Dette er heilt spesielt, vi er blant dei få utvalde av 150 kinoar i landet som får besøk av dei, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kino.

Det blir to visningar av filmen på Ørsta kino.

- Sidan november 2015 har det musikalske og visuelle prosjektet "Heisann Montebello" bydd på fantastiske låtar, ambisiøse musikkvideoar og storslagne liveshow - tre historiske og særs utselde konsertar i Oslo Spektrum, til dømes. No er det klart for den store finalen på kinoar landet over. "Adjø Montebello" er ei reise gjennom Karpes innhaldsrike univers. Store musikalske opplevingar, velkjende karakterar og nye eventyr vevast saman i ein film ulikt noko anna du har sett, og det introduserast attpåtil heilt ny musikk, heiter det i pressemeldinga.