Det er ikkje berre ei opning, men fire, sidan der er så mange barnehagar involvert at dei kjem i fire puljar, to onsdag og to torsdag.

I alt 21 barnehagar frå fem kommunar har laga kunst til årets barnekunstutstilling.

– Tema og inspirasjon har denne gongen vore boka «Papelina» av Randi Fuglehaug, ei ny og aktuell bok om flukt, familie og venskap, og om kva det vil seie å vere heime, skriv Aasentunet i ei pressemelding.

Snorklipping og kakao

Opningsforestillinga baud på snorklipping, allsong og høgtlesing i salen på Aasentunet. Deretter var det på med utekleda, for å drikke kakao og ete niste i Uteamfiet.

Dei aller fleste av kunstverka var papegøyar i mange variantar.

– Det er utruleg kjekt å sjå kor ulike ting dei har laga, og kor kreative borna har vore. Det er ei rørande utstilling, seier formidlar Synnøve Marie Sætre i Aasentunet.

Boka som er utgangspunkt for barnekunsten er rikt illustrert med fargerike papegøyar. Men under ligg eit alvor. For hovudpersonen, papegøya Papelina, og hennar familie legg ut på ei båtreise som utviklar seg i skummel retning.

Båtflykningar

Og då det kjem utslitne til ei strand er det ikkje til eit papegøyepalass, slik Papelina venta. I staden vert dei innlosjerte i køyesenger i eit hus der det står «mottak» over døra.

– Kvifor har de valt ei bok der det underliggande temaet er båtflyktningar?

– Det er eit alvorleg og utfordrande tema, men samstundes viktig å ta opp, seier Synnøve Sætre.

– Det er opp til barnehagane om dei vil gå inn i temaet eller ikkje. Her er det mogleg både å gjere det, og å ikkje gjere det. Det er ikkje berre temaet som gjer at boka er vald. Dette er ei biletbok med mange flotte illustrasjonar, seier Sætre.

Onsdag deltok barnehagane Hovdebygda, Liadal, Oppigarden, Farkvamen, Nordsida, Tunåsen og Dalane, Krokedalen, Engeset, Austefjord, Kvitveisen, Vartdal, Hjellbakkane, Hornindal og Rystene.

Torsdag kjem Øyra og Barnas Vel, Mosmarka, Lauvstad, Sætre og Sæbø.

Aasentunet: Frå første opningsførestilling onsdag. Det vert tre til seinare. Foto: Svein Aam
Papegøye: Martinus frå Farekvamen barnehage helsar på ei av papegøyene. Foto: svein aam