Ein fullsett sal med sysken, foreldre, besteforeldre og vener vart servert alt frå lavmælt akustisk musikk til rockeband som vart presentert t i forskjellige stilartar av elevane.

Stas for borna

78 elevar frå kulturskulen tok med sine nypussa instrument og oppvarma stemmer til den nye kinosalen i Ørsta, klar for å vise kva dei har øvd på i mange veker. Brynhild Barstad, rektor hjå Ørsta kulturskule, tykkjer det er kjekt å sjå at borna trivast på scena.

- Å sitje og spele åleine har i seg sjølv verdi, men å oppleve noko så stort som dette og å få vere ein del av eit slikt produkt, er stas for borna. Nye vennskap og band vert stifta, og mange held fram med dette vidare, fortel Barstad.

Ulikskapar vert verdsett

Konserten er ein av to store bandkonsertar kulturskulen arrangerer i året, og både lærarar og elevar har jobba med prosjektet i fleire veker. Barstad fortel vidare at for borna å oppleve meistring og motivasjon undervegs i prosessen, er gull verdt.

- Lærargruppa på kulturskulen har forskjellige eigenskapar, og ulikskapane deira vert verdsett. Ti av dei var med på denne bandkonserten. Det er kjekt å sjå mangfald og variasjon, likeins med elevane våre. Samspel betyr alt, og det er kjekt når alt klaffar.

Det var ikkje berre musikkelevar som stod for underhaldninga. 16 elevar frå visuell kunst hadde sjølv laga instrument som vart vist på skjermen bakarst på scena.

Neste store bandkonsert tek plass på Kaihuset ungdomshus til våren.