(smp.no) Dette sa suksessforfattaren Maria Parr (36) til Sunnmørsposten onsdag føremiddag. Ho har akkurat landa kraftig forseinka på Hovden - etter Bragepris-viraken i Hovudstaden. Ho har så køyrt mannen på jobb i Volda, og ho løyver no om lag fire minuttar. Fire minuttar for å rekke neste ferje over fjorden og heim til Fiskå i Vanylven, der barnevakta har måtte sitje overtid. Dei fire minutta vert brukte til å ta bilde av Vanylven si store litterære dotter, og den ferske Brageprisen.

Blytung pris

– Lyftar du han litt opp?

– Ok, då skal du først få kjenne kor tung han er! seier Parr kontant og langar over. Her står vi brått med ein blytung Bragepris i nevane. Så slik kjennest altså det..! Resten av litteratur-samtalen lyt skje på telefon, etter at prisvinnaren er på plass i ferjekø på heimveg.

– Korleis kjennest det då, å ha fått den høgthengande Brageprisen for andre gong?

– Det kjennest stort. Det kjennest rett og slett fantastisk. Og den førre prisen er faktisk heilt gløymt der og då, når du kivar om ein heilt ny!

– Særleg etter å ha sett meg inn i kva dei andre kandidatane har levert av kvalitet, er eg audmjuk og ekstra æra over sjølv å ha fått prisen nok ein gong. Eg kjenner meg rett og slett sett pris på, det er vanskeleg å forklare det meir presist enn det, smiler Maria Parr.

Har 29 omsetjingar i hylla

Først kom ho med Vaffelhjarte (2005) Så drog ho til med klassikaren Tonje Glimmerdal som har gått sin sigersgang sidan 2009. Debuten, Vaffelhjarte, er både filmatisert – og oversett til ufattelege 29 språk. Forfattaren har eitt eksemplar av dei alle heime i bokhylla.

– Ja, eg får alltid tilsendt eit eksemplar av kvar ny omsetjing frå forlaget mitt, Samlaget. Det har vorte ei snodig samling å ha, forklarer Parr.

– Særleg artig er det å ha med boka på fleire språk når eg har opplegg ute i skulane. Det er utruleg stas å møte barn som kan lese litt høgt frå dei bøkene eg sjølv ikkje kan lese frå, fortel Maria Parr.

Med seg til prisutdelinga på Dansens Hus i Oslo hadde ho mannen sin som støttekontakt Dagen etter, møydd og sliten av det heile, skal det ikkje skrivast ein bokstav onsdag den 22. november 2017, lovar ho. – Nei, i dag vert det berre kvild og avslapping med borna på to og fem.

I morgon – i morgon...

– Men i morgon, då vert det nok skriving igjen. Eg skriv stort sett kvar einaste dag.

– Kva skriv du på no?

– Det vil eg ikkje seie, anna enn til forlaget. Eg må forresten nemne at eg er svært god nøgd med Det Norske Samlaget, og glad i det.

Med boka Keeperen og havet, som kom ut i august i år, har ho altså igjen treft blink – midt i barne- og ungdomsgruppa av boklesarar.

– Kva er det med tekstane dine som treff så godt også internasjonalt?

– Eg trur at litteratur er internasjonal. Når folk og stad og tema er universelt, så treffer ein gjerne same kvar folk bur og kva språk dei snakkar, vurderer Maria Parr.

Denne saka var først publisert på smp.no.